Fleire trailerar med stolne kle
Dei har operert iallfall i fire politidistrikt, tre litauarar som har stole svære mengder med brukte kle. Karane leigde hus i Nordhordland, og herifrå har verksemda vore styrt. (Foto: Politiet)
Endret 03.08.12 18:17
Innsamlingskonteinarar som tilhøyr-er Fretex (Frelsesarmeen) og UFF (U-landshjelp frå Folk til Folk) har vore måla for klestjuvane, og det er enormt kva dei har fått tak i.
– Me veit at det i løpet av siste halvår er sendt fem trailerar med kle til Litauen, seier politioverbetjent Kjell-Idar Vangberg ved Nordhordland lensmannsdistrikt.
Dei står for etterforskinga saman med ei eining i Hordaland politidistrikt som skal kjempa mot mobile vinningskriminelle.
Sit i varetekt
Måndag vart dei tre mennene frå Litauen varetektsfengsla for fire veker, etter å ha vorte sikta for grovt tjuveri. Det er snakk om ein mann på 33 år, og to 20-åringar. Dei har no besøksforbod medan politiet jobbar vidare med den omfattande saka.
Vangberg fortel at politiet har gjort eit stort beslag av brukte kle i Nordhordland. Kor mykje det kan vera snakk om, er ikkje godt å seia, men nokre tonn ligg det på eit lager som tjuvane har nytta. Litt kle er også funne i ein varebil som er nytta til verksemda.
Politiet har ikkje full oversikt over korleis litauarane har operert, men dei har køyrt rundt og henta kle i fleire vestlandsfylke, og også på Austlandet.
Enormt omfang
Sjølv om kvart einskild klesplagg ikkje representerer store verdien, er det omfanget av tjuveria som har fått politiet til å setja inn monalege ressursar, og som ligg bak varetektsfengslinga.
Litauarane har nekta straffeskuld. I følgje BA skal dei ha sagt at dei sjølv dreiv med innsamling av brukte kle, og hevdar at dei la løpesetlar i postkassane til folk der dei vart bedne om å setja fram brukte kle. Politiet trur ikkje på at ei eventuell eiga innsamling kan ha hatt slike dimensjonar.
Avslørande
Politiadvokat Trond Høvik ved Hordaland politidistrikt opplyser til BA at det er funne namn på nokre av klesplagga politiet har hand om. Personane har vore kontakta, og har stadfesta at dei har levert inn kle til innsamlingskonteinarar tilhøyrande Fretex.
Politiet har hos tjuvane funne lister med adresser til eit stort tal konteinarar med brukte kle. Slike adresser skal også finnast på GPS-ar som politiet har teke beslag i.
I følgje BA nytta politiet sjølve seg av GPS for å avsløra dei litauiske tjuvane. Etterforskarane skal ha lagt ein GPS-sendar inn i eit bruktplagg i ein konteinar for å spora kor det vart av. Slik kom dei fram til lageret ein stad i Nordhordland.
Ayla måtte avlivast
MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.
Lathi på Everest for andre gong
Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.
Tok årets første bad
MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.
Tog og is uansett ver og vind
Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.
Siste kortnytt
- Kjørte i eit tre [18.05.13 18:52]
- I fjellveggen i Eikefettunnelen [18.05.13 18:52]
- 17.mai på Kvalheim [16.05.13 10:52]
- NBK berga poenget [11.05.13 18:38]
- Ny rektor på Årås [11.05.13 18:29]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- – Endeleg ope att! [07.05.13 10:40]
- Feirar Wergeland [07.05.13 10:34]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
- Pengar til Nordhordlandspakken [01.05.13 17:06]
- To bilar i smell ved Mastrevik torg [01.05.13 08:47]
- Brennpunkt frå Fedje om U864 [29.04.13 15:49]
- Knuffing på Lindås [30.04.13 14:11]
- Utan førarkort i Knarvik [30.04.13 14:37]
- Båt stolen på Radøy [29.04.13 14:02]
- Skiklubben står for ekstremløp [26.04.13 15:36]
- Hugs fristen for sjølvmeldinga [26.04.13 13:38]
- Sitkadugnad i Austrheim [26.04.13 13:34]
- Luftsport på nett [22.04.13 11:35]
- Banknedlegginga på Lindås vedtatt [22.04.13 12:30]
Mest lest
- Nordhordlending funnen død på danskebåten [23.04.13 01:30]
- Kontrollutvalet vil gå til politiet, kommunen ut med pressemelding [01.05.13 17:33]
- Trippelsmell i Isdalstø [13.05.13 15:50]
- Diskusjon om million-utbetalingar bak lukka dører i Austrheim [01.05.13 17:32]
- Snøtrøbbel i trafikken [03.05.13 13:49]
- Fire på sjukehus etter kollisjon på Radøy [19.04.13 10:46]
- Kai på plass i rekordfart [08.05.13 19:28]
- Tog og is uansett ver og vind [17.05.13 12:17]
- Sakna seglbåt sett i Nordhordland [04.05.13 10:26]
- Tvil om habiliteten til rådmannen i dobbeltutbetaling [07.05.13 18:16]
- Konkurrerte i mekking [24.04.13 10:28]
- Støyande russefrukost [08.05.13 10:07]
- Brennpunkt om U864-utgreiinga [01.05.13 08:50]
- Sende Hakkebakkeskogen til nye høgder [21.04.13 18:54]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- Fekk eit gudsord med på turen [09.05.13 19:28]
- Kurt Nilsen til Kraftspela [11.05.13 18:26]
- Nysnøkaos på 1. mai [02.05.13 15:36]
- Bondeknølar og byfolk [04.05.13 22:29]
- Mongstad evakuert [07.05.13 14:07]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]














