Heider til mjølkebonde
Mjølkebonden Bjarne Risa vart fredag utnemnt til æresmedlem i Austrheim/Lindås Bondelag. 20 medlemar stilte på ein sommarfest for Risa.
Endret 09.07.12 12:06
Lite ante heidersgjesten om at han festen var til ære for han, og at han skulle få æresmedlemskap og diplom frå Noregs Bondelag. Han vart difor rørt over merksemda, fortel leiaren i Austrheim/Lindås Bondelag, Frøydis Haugen. Som ei ekstra påskjøning skal Bjarne Risa også få vera med leiarane i Hordaland Bondelag på ein tur til Island i haust.
Medlem sidan 1969
Bjarne Risa har vore medlem av bondelaget sidan han som 30-åring tok over drifta av garden på Risa i 1969. No har han nådd pensjonsalder og vel så det, men gjev seg ikkje. Trass i alderen har han ikkje tankar om å leggja ned drifta, og investerer for framtida med ny traktor.
Veldriven gard
I bondelaget si grunngjeving for æresmedlemskapen heiter det at Bjarne er nøysam og grundig, og at han har ein gard som er velstelt og vel driven.
– Måten hans å stelle garden på er eit eksempel til etterfølging for oss alle, står det i grunngjevinga. Bjarne Risa har i alle år teke i mot ungdommar som har kome til han og bede om å få vera med i fjøset og i anna gardsarbeid, både gutar og jenter. Det skal visst ikkje finnast mange ungdommar på Risa som ikkje har vore innom garden hans.
– Han er ein god vegleiar. Filosofien hans er at sjølv om arbeidet hans vert hefta, skal dei ungdommane som syner interesse, få prøva seg. Dei skal få sjå kva landbruket er, og kva arbeidet består i. Dette skaper kunnskap hjå ungdommen og gjev att ei betre forståing av landbruket i samfunnet elles. Nokre av ungdommane har teke landbruksutdanning, noko som gjev grunnlag for rekruttering til næringa, seier Austrheim/Lindås Bondelag i sitt grunngjevingsskriv til Noregs Bondelag.
Bjarne Risa skal vera ein kar som skryt av andre, men ikkje av seg sjølv. Han er ikkje den som ropar høgast, uttalar seg krassast eller som ofte står på framsida i lokalavisene. Han har heller aldri vore leiar for bondelaget.
– Til å stola på
Risa vert av sine kollegaer karakterisert som reflektert, grundig og til å stola på. Han har i mange år vore ein av dei som har halde hjula i gang i lokallaget. Han har stilt opp på dugnader, kome på medlemsmøta, og har teke styre- og kasserarverv. Frå 1971 til 2001 har han samanhengande hatt forskjellige verv i laget, og kom i 2004 attende som kasserar. (Foto: Privat)
– Eit sikringsnett og eit orakel
Godorda ville inga ende ta då politikarane hylla og takka Leif Taule som har rydda kontoret etter 39 år i Radøy kommune.
Trenarskifte i Radøy/Manger
Det er slutt for trenarduoen Knut Bjarne Fotland/Geir Karstensen i Radøy/Manger.
Fjerde divisjon neste?
Radøy/Manger slit i botnen av tabellen i 3. divisjon, og kampen mot Tornado Måløy viste at dei ikkje er så veldig langt frå 4. divisjonsfotball neste sesong.
Siste kortnytt
- Small saman i gymnasbakken [17.06.13 16:49]
- Stolen båt kom til rette [17.06.13 16:48]
- 131 i 70-sona [17.06.13 16:47]
- Etterlyser utleigebåt [14.06.13 18:42]
- Ny økonomisjef [14.06.13 18:39]
- Hordalandsavtalen i boks [12.06.13 17:13]
- Etterlyser hesteeigar [12.06.13 15:53]
- Fjorten kjørte for fort [12.06.13 15:52]
- Mistenkt for promillekjøring [12.06.13 15:51]
- Slåsskamp på Shellstasjonen [12.06.13 15:50]
- Lommebok på rømmen [07.06.13 16:12]
- Gav seg ikkje [07.06.13 16:04]
- Mista lappen [07.06.13 16:03]
- I fyr og flammar [07.06.13 16:02]
- Tillegg for bussbillett [06.06.13 11:51]
- Vil vita kva innbyggjarane synest [06.06.13 11:50]
- Slurvar med å sikra borna [06.06.13 11:47]
- Åtvarer mot falske rekningar [04.06.13 11:30]
- Stal øl [03.06.13 10:28]
- Stal ATV [03.06.13 10:27]
Mest lest
- Ayla måtte avlivast [19.05.13 21:46]
- – Ikkje prøv dette heime [31.05.13 16:33]
- Fortvilar over krav [23.05.13 13:25]
- Løyperekordar i Nordhordland Rundt [28.05.13 16:22]
- Nytt køyremønster på E39 Hylkje-Vågsbotn [24.05.13 10:11]
- 27 ferska i 70-sona [06.06.13 16:04]
- Hasjdyrking i Masfjorden [25.05.13 19:16]
- Treg start for Fedje-jegerane [07.06.13 16:47]
- Alvorleg skadd i Eikefettunnelen [26.05.13 08:52]
- Oljesøl i Knarvik [23.05.13 14:04]
- Kolliderte med lysstolpe [17.06.13 14:13]
- Statoil kan sikra hundrevis av nye jobbar i Nordhordland [14.06.13 18:07]
- Første båt til kai i Sløvåg [25.05.13 19:40]
- Radøyløpet vart folkefest [22.05.13 08:50]
- - Ikkje la oss betala rekninga! [23.05.13 05:28]
- Tek fjøsstellet på NRK [05.06.13 14:46]
- Vil gje Skodvin utsetjing [21.05.13 16:19]
- Stal lam og stakk [07.06.13 15:34]
- Opprør mot barnehage-kutt i Meland [10.06.13 14:12]
- Ulovleg uthus får stå i fred [04.06.13 11:41]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]















