Intim jazzfest på Fedje
FEDJE: Laurdag kan ein oppleva den spennande jazzartisten Rita Lovise Haugseggen i sitt ess på Pernillekafeen. (Foto: Christina Børding)
Endret 17.07.12 10:56
– Eg elskar å spela på slike små intime plassar på bygda, seier ho når ho ringjer og spør Strilen pent om me kan skriva nokre ord om henne før konserten.
Noko for seg sjølv
Rita Lovise Haugseggen er ein songar og låtskrivar som formidlar sterke opplevingar og kjensler gjennom spennande akkordprogresjonar, gjennomarbeidd lyrikk og samanvevande melodiføring.
Hennar særeigne stemme og originale musikalske uttrykk, gjer at folk får kjensla av å oppleva noko så sjeldan som ein mogleg ny retning innan musikk.
Det er som å høyra Leonard Cohen, Radka Toneff, Adele, Tori Amos, Nina Simone, Robert Plant, Judy Garland, PJ Harvey, Melody Gordot, Grace Jones og Tom Waits på ein gong.
Veldig mange bruker difor uttrykket «ein ny sjanger» om musikken hennar, noko artisten sjølv synest er heilt fantastisk.
Smeltar ekspertane
Ifølgje Festspillene i Nord-Noreg, er Rita Lovise «en av de mest spennende jazzartistene vi har i dag». Til og med NRK sin jazzekspert Erling Wicklund klarte ho å smelta.
Rita Lovise blei nyleg også tildelt Festspillenes Turnéstipend for 2012.
Det siste året har ho turnert store deler av landet med song, gitar og berre eige låtmateriale.
Turneen som ho kallar «Rita Lovise - Jazz in a new coat?» er blitt svært godt mottatt av både publikum og presse.
Ifølgje heimesida hennar, har ho også planar om plate i løpet av året.
Tidleg ute
Med musikalske årer frå farssida, og ei kunstnarisk mor som tidleg oppdaga songtalentet hennar, bar det opp på scena som seksåring. Ho tok orgeltimar som sjuåring, og i åtteårsalderen blei det korøvingar og musikkteori og solistopptreden.
Å skriva eigen musikk, starta ho med allereie i 14-årsalderen.
Kjem att neste år
Til hausten legg ho ut på ein nye turné kalla «Craving Coffee» med band. Då har ho med seg Bjørn Andor Drage (tangentar), Finn Sletten (perkusjon), Henning Gravrok (saksofon) og Bjørn Alterhaug (kontrabass). Desse framragande musikarane og Rita sitt særeigne musikalske uttrykk, gir publikum grunn til å forventa det uventa.
Denne turneen vert støtta av Norsk Jazzforum, Nordnorsk Jazzsenter og Festspela i Nord-Norge.
I 2013 planlegg ho bandturné også i Hordaland, så lurer du på om det er noko som er verdt å venta på, er det jo berre å ta seg ein tur til Fedje på laurdag.
Ønskjer ny barnehage
GULEN: Det bør byggjast ny barnehage i Eidsbotn, meiner foreldreutvalet i barnehagen der.
Nytt køyremønster på E39 Hylkje-Vågsbotn
Natt til søndag 26. mai vert køyremønsteret på E39 nord for Vikaleitet lagt om.
Oljesøl i Knarvik
LINDÅS: Ein lastebilsjåfør var uheldig og fekk lekkasje i ein tank med brukt soyaolje. Olje rann ut i vegen i fleire hundre meter før lekkasjen vart oppdaga ved Knarvik Senter i dag, torsdag.
Avtale kan vera berga
GULEN: Viss alle parti stemmer slik i fylkestinget som dei sa på folkemøtet på Byrknes (bilde) onsdag, er Hordalandsavtalen berga.
Siste kortnytt
- Small i fjellveggen [23.05.13 13:52]
- Gull til Urhaug i Slovakia [23.05.13 13:58]
- Kjørte i eit tre [18.05.13 18:52]
- I fjellveggen i Eikefettunnelen [18.05.13 18:52]
- 17.mai på Kvalheim [16.05.13 10:52]
- NBK berga poenget [11.05.13 18:38]
- Ny rektor på Årås [11.05.13 18:29]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- – Endeleg ope att! [07.05.13 10:40]
- Feirar Wergeland [07.05.13 10:34]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
- Pengar til Nordhordlandspakken [01.05.13 17:06]
- To bilar i smell ved Mastrevik torg [01.05.13 08:47]
- Brennpunkt frå Fedje om U864 [29.04.13 15:49]
- Knuffing på Lindås [30.04.13 14:11]
- Utan førarkort i Knarvik [30.04.13 14:37]
- Båt stolen på Radøy [29.04.13 14:02]
- Skiklubben står for ekstremløp [26.04.13 15:36]
- Hugs fristen for sjølvmeldinga [26.04.13 13:38]
- Sitkadugnad i Austrheim [26.04.13 13:34]
Mest lest
- Ayla måtte avlivast [19.05.13 21:46]
- Kontrollutvalet vil gå til politiet, kommunen ut med pressemelding [01.05.13 17:33]
- Trippelsmell i Isdalstø [13.05.13 15:50]
- Diskusjon om million-utbetalingar bak lukka dører i Austrheim [01.05.13 17:32]
- Snøtrøbbel i trafikken [03.05.13 13:49]
- Fortvilar over krav [23.05.13 13:25]
- Tog og is uansett ver og vind [17.05.13 12:17]
- Kai på plass i rekordfart [08.05.13 19:28]
- Nordhordlending funnen død på danskebåten [23.04.13 01:30]
- Sakna seglbåt sett i Nordhordland [04.05.13 10:26]
- Tvil om habiliteten til rådmannen i dobbeltutbetaling [07.05.13 18:16]
- Konkurrerte i mekking [24.04.13 10:28]
- Støyande russefrukost [08.05.13 10:07]
- Brennpunkt om U864-utgreiinga [01.05.13 08:50]
- Kurt Nilsen til Kraftspela [11.05.13 18:26]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- Fekk eit gudsord med på turen [09.05.13 19:28]
- Bondeknølar og byfolk [04.05.13 22:29]
- Nysnøkaos på 1. mai [02.05.13 15:36]
- Mongstad evakuert [07.05.13 14:07]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]














