Strilen / Nyheter / Forside / Kortnytt / Gjorde gale alt som gjekk an
Brukernavn 
Passord 
 

Gjorde gale alt som gjekk an

Del | |

AUSTRHEIM: Først gav ein berusa mann, den berusa dama si lov å kjøra bilen hans utan førarkort. Då ho så kjørte i fjellveggen, sette han seg bak rattet og parkerte bilen. Deretter stakk dei frå staden og drakk vidare.

Publisert 09.07.12 13:10
Endret 09.07.12 13:08

Slik forklarer politiet episoden som fann stad på Langøy laurdag ettermiddag i firetida.

Dei to viste seg å vera blant ein gjeng tjueåringar som var på hyttetur og dei hadde ikkje kjørt lenger enn 7-800 meter før dama bomma på vegen.

– Politiet var opptekne på andre kantar då ulukka skjedde, men me reiste ut så snart me kunne, seier politioverbetjent Kjell-Idar Vangberg til Strilen.

Då politiet fann ut kor dei to hadde teke tilhald, og oppsøkte dei der, viste det seg at dei to hadde fortsett å drikka.

– På det tidspunktet blas dama 2,0 på alkometeret, seier Vangberg.

Dei to vil no verta melde for ei rekkje lovbrot. Han for å ha gitt henne lov å kjøra bilen hans i rusa tilstand og utan førarkort, for å ha sett seg bak rattet sjølv i rusa tilstand og for å ha nytt alkohol etter ulukka.

Ho blir meld for promillekjøring og kjøring utan førarkort, og for å drukke etter ulukka, fortel Vangberg.

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




- Ikkje la oss betala rekninga!

- Ikkje la oss betala rekninga!

MELAND: Tilsette i reinhald- og vaskeritenesta i Meland demonstrerte utanfor rådhuset onsdag. Dei fryktar for jobbane sine.

    Vil gje Skodvin utsetjing

    Vil gje Skodvin utsetjing

    LINDÅS: Nedlegging av den kommunale Skodvin skule bør utsetjast eitt år, meiner eit klart fleirtal i levekårsutvalet i Lindås (bilde).

      Radøyløpet vart folkefest

      Radøyløpet vart folkefest

      Heile 306 personar i alle aldrar deltok på Radøyløpet 2. pinsedag. Av dei 26 som sprang på tid, var Øyvind Frantzen (nr. 60) raskast.

        Folkemøte på Byrknes

        GULEN: I morgon ettermiddag, onsdag, vert det folkemøte på Byrknes om Hordalandsavtalen.

          Ayla måtte avlivast

          Ayla måtte avlivast

          MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.

            Lathi på Everest for andre gong

            Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler