Kjørte i eit tre

RADØY: Ein 77 år gammal passasjer vart truleg lettare skadd då den 50 år gamle bilføraren han sat på med, kjørte i eit tre i Bøvågen 17. mai.

[18.05.13 18:52]

I fjellveggen i Eikefettunnelen

LINDÅS: Ein bilførar vart lettare skadd då han kjørte i fjellveggen i Eikefettunnelen 17. mai om morgonen.

[18.05.13 18:52]

17.mai på Kvalheim

RADØY: For femtande gong vert det seremoni ved minnebautaen på Kvalheim om morgonen 17. mai. I år vil tidlegare ordførar Olav Steinar Namtvedt tala og leggja ned krans.

[16.05.13 10:52]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Frisk satsing

Ordføraren i Gulen kunne førre veke gleda seg over å opna Skipavika Næringspark. Opninga skjedde berre eit halvår etter at første salve vart skoten.

:

Interiør og hage
frå Strilen.

Last ned Strilen si
utdanningsavis her:


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

Ny rekord  for Utkant

Ny rekord for Utkant

Del | |

GULEN: Marit Larsen og dei andre artistane gav ny publikumsrekord for Utkantfestivalen. Laurdagen var toppdagen med kring 2.600 gjester i Skjerjehamn.

Publisert 30.07.12 18:09
Endret 30.07.12 18:08

Over 6.700 festivaldøgn vart selde på årets Utkant-festival. Det er 500 fleire døgn enn i fjor, og festivalen har fått ein omsetnad som nærmar seg to millionar kroner.
– Kontrastane sin festival, seier festivalsjef Viggo Randal, med tanke på at veret fredagen var heilt krise, medan laurdagen baud på det finaste festivalver ein kan tenkja seg.

Randal sin nære arrangørkollega Njål Wilberg kallar årets Utkant for «tidenes festival», det vil seia at dette var festivalen der omtrent alt gjekk som det skulle.
– Eg må berre konstatera at arrangementet i år var strøkent, og det har ikkje vore tilfelle kvart år på tidlegare festivalar. At me kom så godt ut av det, skuldast at me har vorte meir røynde og at me har ein veldig fin gjeng med mange frivillige medarbeidarar som stiller opp, seier Wilberg.

Folk og økonomi
Dei rundt 6.700 festivaldøgna spreidde seg utover dei tre festivaldagane slik at det vart ei stiging i publikumsmengda fram mot laurdag. På denne toppdagen vart det registrert over 2.600 festivalgjester. Det gode publikumstalet fortel at det også har begynt å verta økonomi i Utkant-festivalen.
Enno har slett ikkje alle rekningar kome inn, men arrangørane forventar eit lite overskot etter ein omsetnad som vil liggja ein stad mellom 1,8 og to millionar kroner.
Dei føregåande åra har festivalen gått sånn nokolunde i balanse, medan startåret gav eit litt stygt underskot som arrangørane sidan har bore med seg.

Er letta no
– Me er ei letta festivalleiing, fordi me har kome så godt ned med begge beina, seier festivalsjefen.
Han meiner at det som føregjekk ute i havgapet i helga var «tidenes fest» i Nordhordland, sjølv om Skjerjehamn høyrer til i Sogn. Mange av dei som kjem til Utkant, er båtfolk som høyrer til på strekninga frå Bergen til Florø, og så innover i Sognefjorden. Det ser også ut til å vera båtfolket som sørgjer for det meste av publikumsauken.
– Elles hadde me ein ferierande tyskar her med bubil som heldt til hjå oss under heile festivalen, og han syntest at dette var den finaste festivalen han nokon gong hadde vore med på, fortel Viggo Randal.

Stadig forbetring
Han seier at festivalleiinga heile tida jobbar med å forbetra seg, og det gjer dei ved å notera ned alle detaljar dei ikkje måtte vera nøgde med. Elles er det lett for å gløyma, og berre minnast dei gode tinga.
– Eg må berre seia at eg synest me hadde ein veldig fin flyt i programmet i år. Me prøver alltid å komponera eit musikalsk program frå ulike sjangrar som skal passa i hop, på eit vis som totalt sett skapar ei god stemning i løpet av festivalen. Det meiner me at me klarte, seier festivalsjefen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Vil gje Skodvin utsetjing

Vil gje Skodvin utsetjing

LINDÅS: Nedlegging av den kommunale Skodvin skule bør utsetjast eitt år, meiner eit klart fleirtal i levekårsutvalet i Lindås (bilde).

    Radøyløpet vart folkefest

    Radøyløpet vart folkefest

    Heile 306 personar i alle aldrar deltok på Radøyløpet 2. pinsedag. Av dei 26 som sprang på tid, var Øyvind Franzen (nr. 60) raskast.

      Folkemøte på Byrknes

      GULEN: I morgon ettermiddag, onsdag, vert det folkemøte på Byrknes om Hordalandsavtalen.

        Ayla måtte avlivast

        Ayla måtte avlivast

        MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.

          Lathi på Everest for andre gong

          Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.

            Tok årets første bad

            Tok årets første bad

            MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.

              Siste kortnytt

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.