Kjørte i eit tre

RADØY: Ein 77 år gammal passasjer vart truleg lettare skadd då den 50 år gamle bilføraren han sat på med, kjørte i eit tre i Bøvågen 17. mai.

[18.05.13 18:52]

I fjellveggen i Eikefettunnelen

LINDÅS: Ein bilførar vart lettare skadd då han kjørte i fjellveggen i Eikefettunnelen 17. mai om morgonen.

[18.05.13 18:52]

17.mai på Kvalheim

RADØY: For femtande gong vert det seremoni ved minnebautaen på Kvalheim om morgonen 17. mai. I år vil tidlegare ordførar Olav Steinar Namtvedt tala og leggja ned krans.

[16.05.13 10:52]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Frisk satsing

Ordføraren i Gulen kunne førre veke gleda seg over å opna Skipavika Næringspark. Opninga skjedde berre eit halvår etter at første salve vart skoten.

:

Interiør og hage
frå Strilen.

Last ned Strilen si
utdanningsavis her:


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

På eige Bruce-cruise

På eige Bruce-cruise

Del | |

LINDÅS: På Hundvin tok Springsteen-fansen grep og bestilte eige Bruce-cruise til heile gjengen.

Publisert 25.07.12 17:14
Endret 25.07.12 17:14

Det er tysdag ettermiddag på Hundvinkaien. Inn fjorden kjem skyssbåten Tornerose medan kaien fyllest opp av folk frå Bruvoll, Træland og Hundvinsfeltet.

Ja, til og med ei handfull lindåsingar har forvilla seg innover i bygda.

Trælandsgjengen imponerer

– Nei, e de komne alt? spør folk overraska når Trælandsgjengen dukkar opp.

Kjende for alltid å vera seint ute, har dei fått beskjed om å koma halv fire, men imponerer stort med å koma ti på.

– Har du ikkje Marit med deg?

– Nei, ho ligg heima og spyr, seier Christian.

Men kor e Rune?

– Rune då?

– Har noko sett Rune? Skulle han koma på her eller i Nøtlevågen?

Kan nokon ringja han? ropar Atle Andersen og leitar febrilsk etter namnelista i ferjebillettøruniforma han har pynta seg med i høve turen.

– Den skal dei på båten ha. Eg må skriva opp deg òg, forklarer han og stiller seg ved landgangen.

– Kven er det som alt har gått om bord?

– Toril, Henrik og Janne, trur eg, svarer Sverre Skeidsvoll.

– Okei, då kan resten koma. Kom igjen, då!!! ropar Atle og vinkar folk om bord kjent billettørpositur.

Men å ha billett til båten er ein ting. Noko anna er å ha konsertbillett.

Fleire var med berre for turen si skuld og skulle fint klara å ha det kjekt medan dei andre var på konsert, fekk me vita.

Planlagt i mai

Atle fortel at det var han og Arne Olav Halland som tidleg i mai ein gong fekk ideen med å leiga skyssbåt.

– Me oppdaga at det var så mange me kjende som hadde fått billett til ekstrakonserten i dag og tenkte det hadde vore moro å reist i lag, forklarer dei.

Først fekk dei ein god pris hjå eitt båtselskap. Men like etter at dei hadde sendt ut invitasjonar på e-post til heile halve bygda, ringte selskapet og beklaga at prisen dei hadde fått berre var ein veg.

Forklaringa var at det var ein sommarvikar som hadde gitt dei prisen, men dei kunne pynta på fadesen med å slå av 2000 kroner.

– Det var jo ikkje ti prosent i rabatt ein gong, så me takka nei til heile sulamitten og ringte Tornerose i staden for, seier dei.

Om Nøtlevågen

Med alle om bord går kursen om Lurekalven til Nøtlevågen. Der skal eit knippe radværingar også vera med til byn.

Frå høgtalarane strøymer Bruce Springsteen, nabopraten går livleg og alle har det godt.

– Dette synest eg me skal gjera kvar helg, føreslår Bent-Arne Rognaldsen. Ingen er ueinige i det.

– No må de hugsa at båten går heim att klokka halv tolv, ropar båtdama etter oss.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Ayla måtte avlivast

Ayla måtte avlivast

MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.

    Lathi på Everest for andre gong

    Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.

      Tok årets første bad

      Tok årets første bad

      MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.

        Tog og is uansett ver og vind

        Tog og is uansett ver og vind

        Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.

          Til NM med tidenes verste fødsel

          Til NM med tidenes verste fødsel

          Fedje Teaterlag er kvalifiserte til noregsmeisterskapen i revy på Høylandet.

            - Elvemuslingen er ikkje daud!

            - Elvemuslingen er ikkje daud!

            MELAND: I fjor frykta Mjåtveitelvens forening at elvemuslingen var utdøydd frå elva. Denne veka kom gladnyheiten. Det er funne elvemuslingslarver på aure i elva.

              Siste kortnytt

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.