Kjørte i eit tre

RADØY: Ein 77 år gammal passasjer vart truleg lettare skadd då den 50 år gamle bilføraren han sat på med, kjørte i eit tre i Bøvågen 17. mai.

[18.05.13 18:52]

I fjellveggen i Eikefettunnelen

LINDÅS: Ein bilførar vart lettare skadd då han kjørte i fjellveggen i Eikefettunnelen 17. mai om morgonen.

[18.05.13 18:52]

17.mai på Kvalheim

RADØY: For femtande gong vert det seremoni ved minnebautaen på Kvalheim om morgonen 17. mai. I år vil tidlegare ordførar Olav Steinar Namtvedt tala og leggja ned krans.

[16.05.13 10:52]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Frisk satsing

Ordføraren i Gulen kunne førre veke gleda seg over å opna Skipavika Næringspark. Opninga skjedde berre eit halvår etter at første salve vart skoten.

:

Interiør og hage
frå Strilen.

Last ned Strilen si
utdanningsavis her:


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

Padlar Flatøy-Helgeland

Padlar Flatøy-Helgeland

Del | |

MELAND: Audun og Erlend Håland vil bruka ferien til å padla frå Flatøy til Træna på Helgelandskysten. Torsdag la dei i veg med kvar sin fullstappa kajakk.

Publisert 15.06.12 14:27
Endret 15.06.12 14:27

– Det er først no når eg ser karta, at eg verkeleg vågar å tru at dette er verkeleg, seier Audun Håland og ser ned på bunken med kart.
Det er torsdag føremiddag. Far og son skal berre pakka dei siste tinga ned i kajakken før dei legg ut på den lengste padleturen dei nokon gong har prøvd seg på.
Audun er instruktør i Nordhordland padleklubb og har padla mykje. Men å padla strekninga Flatøy i Meland til Træna på Helgelandskysten er ikkje kvardagskost, heller ikkje for erfarne padlarar.

Rundt 80-90 mil
På veg nordover må dei forsera opne havstrekk.
– Det er nok ikkje så mange som har padla denne ruta før dei, seier kona Mabel Johansen.
Dei to padlarane har med seg tryggleiksutstyr og sendar som sender ut signal, slik at ho heile tida får vita kor dei er hen. Kor langt dei skal padla er ingen av dei heilt sikre på, men når ein padlar langs land og må rundt holmar og skjær vert det truleg ein stad mellom 80 og 90 mil.

Fekk ideen i påska
Audun og Erlend har sett av ein månad til turen. Men dersom vêrgudane legg godsida til vil dei prøva å nå fram til Træna innan 5. juli. Det er nemleg datoen for Trænafestivalen.
– Det kan halda hardt, men me kjem kanskje til å prøva oss på det. Det hadde vore artig å fått han med seg, seier Audun og Erlend.
Ideen om å padla til Helgelandskysten fekk dei i påska.
– Det er ikkje lange tida, når ein tenkjer på all planlegginga som krevst for ein slik tur. Men me føler at me har førebudd oss greitt, seier Audun. Træna er eit naturleg mål for turen sidan kona Mabel har slekt der.

– Pakka i heile går
Stemninga er god når karane gjer seg klare til å forlata flytebrygga på Flatøy, men det er ikkje så reint lite pikk og pakk som må med i kajakken.
– Me pakka i heile går og etter at eg hadde pakka kajakken ein gong, fann eg ut at eg ville pakka han om, flirer Audun i det han prøver å lirka eit heilt brød ned i ei av pakklukene.
Ein kajakk kan romma utruleg mykje. Det gjeld berre å pakka riktig og fordela vekta fornuftig.
– Og me kjem garantert ikkje til å svelta i hel, fleipar Erlend.
Dei to har pakka med seg rikeleg med mat og knask som gjev energi på turen, og reknar også med å handla litt undervegs. Dei har ikkje sjekka kor mykje kajakkane veg med all lasta, men Audun tippar på at båten hans i alle fall er oppe i 60-70 kilo.

3 mil om dagen
Målet er å padla rundt 3 mil for dagen, med nokre kviledagar innimellom. Overnattinga vil for det meste skje i telt, men dei vil leggja inn nokre overnattingar hjå kjenningar. Det gjer turen endå trivlegare og på den måten er dei også sikra tilgang til dusj innimellom.
Kor fort det går oppover langs kysten er avhengig av vind, straum og bølgjer.
– Me kjem til å snu døgnet etter vêr og vind, slik at me heile tida padlar når forholda er best, seier Audun.
Då dei to vinka farvel til Mabel på kaien på Flatøy, var det mørke skyer i horisonten og litt motvind, men det la ikkje nokon dempar på humør og eventyrlyst. Og dei to har lova og gje litt lyd frå seg undervegs slik at vener og kjente, får ein liten smakebit på kva dei opplever.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tok årets første bad

Tok årets første bad

MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.

    Tog og is uansett ver og vind

    Tog og is uansett ver og vind

    Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.

      Til NM med tidenes verste fødsel

      Til NM med tidenes verste fødsel

      Fedje Teaterlag er kvalifiserte til noregsmeisterskapen i revy på Høylandet.

        - Elvemuslingen er ikkje daud!

        - Elvemuslingen er ikkje daud!

        MELAND: I fjor frykta Mjåtveitelvens forening at elvemuslingen var utdøydd frå elva. Denne veka kom gladnyheiten. Det er funne elvemuslingslarver på aure i elva.

          Skodvin får ikkje meir tid

          Skodvin får ikkje meir tid

          LINDÅS: Rådmannen seier nei til å utsetja nedlegginga av Skodvin skule.

            Slo full alarm etter «valdsam røykutvikling»

            Slo full alarm etter «valdsam røykutvikling»

            RADØY: Ein mann fekk ein lettare kuttskade i armen, i samband med at det utvikla seg røyk i maskinrommet til ein båt til kai ved Radøygruppen onsdag i 14.30-tida.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.