17.mai på Kvalheim

RADØY: For femtande gong vert det seremoni ved minnebautaen på Kvalheim om morgonen 17. mai. I år vil tidlegare ordførar Olav Steinar Namtvedt tala og leggja ned krans.

[16.05.13 10:52]

NBK berga poenget

KNARVIK: Ei straffeskåring heilt på tampen berga poenget for NBK sitt a-lag.

[11.05.13 18:38]

Ny rektor på Årås

AUSTRHEIM: Årås skule i Austrheim får Bodil Boye Brekkan som ny rektor frå 1. august.

[11.05.13 18:29]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Frisk satsing

Ordføraren i Gulen kunne førre veke gleda seg over å opna Skipavika Næringspark. Opninga skjedde berre eit halvår etter at første salve vart skoten.

:

Interiør og hage
frå Strilen.

Last ned Strilen si
utdanningsavis her:


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

– Prisverdig arbeid i Radøy

– Prisverdig arbeid i Radøy

Del | |

Beredskapssjefen hjå Fylkesmannen ser mot Radøy når dei skal i gang med å laga ein rettleiar til regelverket for campingplassar.

Publisert 12.07.12 10:07
Endret 12.07.12 10:06

– Tilsynsrapportane frå campingplassane på Radøy var ikkje akkurat oppløftande lesing, men det er kjempeflott at Radøy går så grundig til verks. Det er prisverdig arbeid, og me skulle ønskja at fleire gjorde det same, seier Arve Meidell, beredskapssjef hjå Fylkesmannen.

Skal laga ein rettleiar
Fylkesmannen er i ferd med å samla aktørar som kommunane, mattilsynet, skatteetaten, brannvesen og andre, til å laga ein rettleiar til regelverket som gjeld på campingplassar.

– Våre folk tenkjer først og fremst brann og branntryggleik, men dette gjeld jo fleire fagområde. Det er gjerne så som så kvar gråvatnet ender, og det har med smittefare og folkehelse å gjera. Me håper at ein rettleiar kan gjera det enklare både for brukarar, campingeigarar og kommunar å halda seg til regelverket, seier Meidell.

– Målsetjinga er ikkje å «ta nokon». Me har heller ikkje ønskje om at nokon skal avvikla. Campingplassar er effektiv arealbruk, men me må tenkja tryggleik og sørgja for at ein driv i ordna former, seier Meidell.
 
Brann med stor smittefare
Han undrar seg over at dei som brukar campingplassane ikkje er meir merksame på kva som kan skje om det brenn.

– Eg ville jo ikkje sjølv hatt vogn på ein campingplass der vogner, spikartelt og terrassar stod så tett saman. Ei campingvogn vert veldig fort overtent og faren for at brannen smittar er stor, seier fylkesberedskapssjefen.

Han meiner tilhøva på Radøy ikkje er eit unntak frå korleis ein driv campingplassar andre stader. Folk må vera særskild merksame på risikoen med å ha mange kilo propangass samla på ein campingplass.

– Då bør ein i alle fall vita kva ein gjer om noko skulle skje, seier Meidell.

Bilde til denne artikkelen er henta frå ein film som Norsk brannvernforening har laga for å visa brann i ei campingvogn.

 

 


FAKTA: Dette er saka

* Radøy kommune avdekka fleire avvik frå regelverket på Vågenes camping, Havgård fjordferie og Radøytunet camping i mai.

* Avvika gjeld branntryggleik, tal på campingeiningar, avløp og kloakk, påkopling kommunalt vatn og meir. Kommunen tek atterhald om feil.

* Tilsynsrapportane, som var eit førehandsvarsel om tiltak til campingeigarane, har fått to av campingeigarane til å snakka om avvikling av drifta.

* Fylkesmannen vil bruka Radøy sine erfaringar til å utarbeide ei rettleiar for heile Hordaland. Oppfattinga til alle Strilen har snakka med er at tilhøva på Radøy ikkje er verre enn andre stader.

I dag, torsdag har Radøy kommune kalla inn til pressekonferanse ang. rapporten om campingplassane


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tog og is uansett ver og vind

Tog og is uansett ver og vind

Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.

    Til NM med tidenes verste fødsel

    Til NM med tidenes verste fødsel

    Fedje Teaterlag er kvalifiserte til noregsmeisterskapen i revy på Høylandet.

      - Elvemuslingen er ikkje daud!

      - Elvemuslingen er ikkje daud!

      MELAND: I fjor frykta Mjåtveitelvens forening at elvemuslingen var utdøydd frå elva. Denne veka kom gladnyheiten. Det er funne elvemuslingslarver på aure i elva.

        Skodvin får ikkje meir tid

        Skodvin får ikkje meir tid

        LINDÅS: Rådmannen seier nei til å utsetja nedlegginga av Skodvin skule.

          Slo full alarm etter «valdsam røykutvikling»

          Slo full alarm etter «valdsam røykutvikling»

          RADØY: Ein mann fekk ein lettare kuttskade i armen, i samband med at det utvikla seg røyk i maskinrommet til ein båt til kai ved Radøygruppen onsdag i 14.30-tida.

            Får ny fane til 17. mai

            Får ny fane til 17. mai

            MELAND: I anledning 100-årsjubileumet sitt, har Ungdomslaget Framsteg på Vikebø bestilt ei ekstra flott fane til årets 17. mai-feiring. 

              Siste kortnytt

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.