Kjørte i eit tre

RADØY: Ein 77 år gammal passasjer vart truleg lettare skadd då den 50 år gamle bilføraren han sat på med, kjørte i eit tre i Bøvågen 17. mai.

[18.05.13 18:52]

I fjellveggen i Eikefettunnelen

LINDÅS: Ein bilførar vart lettare skadd då han kjørte i fjellveggen i Eikefettunnelen 17. mai om morgonen.

[18.05.13 18:52]

17.mai på Kvalheim

RADØY: For femtande gong vert det seremoni ved minnebautaen på Kvalheim om morgonen 17. mai. I år vil tidlegare ordførar Olav Steinar Namtvedt tala og leggja ned krans.

[16.05.13 10:52]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Frisk satsing

Ordføraren i Gulen kunne førre veke gleda seg over å opna Skipavika Næringspark. Opninga skjedde berre eit halvår etter at første salve vart skoten.

:

Interiør og hage
frå Strilen.

Last ned Strilen si
utdanningsavis her:


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

Smell ved Krossnessundbrua

Smell ved Krossnessundbrua

Del | |

MELAND: To personar er frakta til sjukehus for sjekk, etter at ein personbil og ein lastebil small saman ved avkjørselen til Ådlandsvegen, like ved Krossnessundbrua, måndag i 14-tida.

Publisert 18.06.12 16:03
Endret 18.06.12 16:06

Ein personbil fekk eit ublidt møte med ein lastebil, då personbilen svinga ut på hovudvegen frå Ådlandsvegen, like ved Krossnessundbrua, måndag ettermiddag. Helsepersonell, brannvesen og politi var på staden kort tid etter at ulukka vart meld i 14-tida.

Ei kvinne og ein mann, som sat i personbilen, fekk tilsyn av helsepersonell ved ulukkesstaden, men skadeomfanget var enno ikkje avklart måndag i 15.30-tida.

– Det er truleg snakk om lettare personskader. To personar er i alle fall sende til sjukehus for sjekk, seier politioverbetjent Svein Hatlevik ved Nordhordland lensmannsdistrikt.

Lastebilsjåføren er ikkje vera fysisk skada, ifølgje politiet.

– Dette er andre ulukka me er på berre i dag, og me oppe i åtte eller ni trafikkulukker på litt over ei veke i Nordhordland, sukkar politioverbetjent Hatlevik.

– Det som er fantastisk å sjå, er det apparatet me har som kjem så raskt i sving etter ei ulukke. Her er alle på plass med ein gong, og dei som treng hjelp får hjelp. Det er godt å sjå, seier han.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Ayla måtte avlivast

Ayla måtte avlivast

MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.

    Lathi på Everest for andre gong

    Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.

      Tok årets første bad

      Tok årets første bad

      MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.

        Tog og is uansett ver og vind

        Tog og is uansett ver og vind

        Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.

          Til NM med tidenes verste fødsel

          Til NM med tidenes verste fødsel

          Fedje Teaterlag er kvalifiserte til noregsmeisterskapen i revy på Høylandet.

            - Elvemuslingen er ikkje daud!

            - Elvemuslingen er ikkje daud!

            MELAND: I fjor frykta Mjåtveitelvens forening at elvemuslingen var utdøydd frå elva. Denne veka kom gladnyheiten. Det er funne elvemuslingslarver på aure i elva.

              Siste kortnytt

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.