Strilen / Nyheter / Først ute med vogntoglappen
Brukernavn 
Passord 
 
Først ute med vogntoglappen

Først ute med vogntoglappen

Del | |

AUSTRHEIM: Sven Erik Fonnes har, som første rullestolbrukar i Europa, fått førarkort for å kjøra vogntog.

Publisert 01.07.10 11:36
Endret 01.07.10 11:35

Det har gått omtrent halvtanna år sidan Sven Erik Fonnes fekk sitt førarkort klasse C for tyngre kjørety som lastebilar.

Etter oppkjøring med representant frå Biltilsynet fredag 25. juni kan han no putta ein E etter C-en. Han har altså fått førarkort klasse CE for å kjøra ein doning med tilhengar.

Ingen i Noreg eller Europa skal hittil ha kombinert rullestolen med så svært rullande materiell.
– Det er iallfall kva eg har fått opplyst, etter at Tuft Transportskole i Åsane har undersøkt saka med Biltilsynet. Uansett er det nok ikkje mange andre, seier den stolte 32-åringen.

Inga særbehandling
Som 19-åring vart Fonnes alvorleg skadd i ei bilulukke, og etterpå var han lam frå livet og ned.

Når han no kjører lastebilen som arbeidsgjevaren Byrknes Auto i Gulen har skaffa, nyttar han ein spesiell spake som styrer bremsa og gassen. Han bremsar ved å pressa spaken fram, og gjev gass ved å dra han bakover. På toppen av spaken finst det knappar som styrer blinklysa og langlys. Fløyta er også plassert her.

Fonnes avla ein heilt ordinær prøve for klasse CE. Han kjørde rundt ein times tid, og viste mellom anna at han kunne rygga med trekkvogn inntil hengaren for påkopling, og seinare rygga han med hengaren på.

Han måtte sjølvsagt gjennom heile prosessen med å kopla på ein tilhengar, med alt som skal til for at bremser og lys kan fungera, og så sveiva opp løftelabbane. Spørsmål vanka det også, og Fonnes måtte demonstrera korleis ein kontrollerer lys og dekktrykk.

– Eg fekk ikkje noka særbehandling, det kan eg seia, men representanten frå Biltilsynet verka nøgd med det han såg, seier han.

Er klar for Europa
Sidan han tok førarkort klasse C, har han kjørt på anlegg for Byrknes Auto som er drive av svogeren, Stein Inge Larsen. No kan Sven Erik også hiva seg på termo­transport med vogntog til heile Europa. Byrknes Auto har stadig fisketransportar som kan gå til land som Tyskland, Nederland og Italia.

– For tida går det mest i anleggsdrift, men om det skulle verta ein slakk i denne verksemda, kan eg komma til å kjøra transportar til kontinentet, fortel Fonnes.

Semitraileren som han vil bruka, er tilpassa med ein god del ekstrautstyr, og det fungerar alt saman veldig bra.

Fonnes har hatt så mange kjøretimar som er kravd for å ta førarkort klasse CE, men ikkje noko meir. Mellom anna har han fått prøva seg på glatt underlag.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler