Strilen / Nyheter / Fryktar forgubbing utan einebustader
Brukernavn 
Passord 
 
Fryktar forgubbing utan einebustader

Fryktar forgubbing utan einebustader

KNARVIK: Knarvik kan verta ein pensjonisthovudstad med berre nye leilegheiter, fryktar Alexander Kittang.

Publisert 11.03.10 12:31
Endret 11.03.10 16:04

– Me er ein familie på fire som bur i ein tomannsbustad på 135 rutemeter. Men ønsket er å bu vidare i Knarvik eller i nærleiken i ein einebustad med hage. Får me ikkje det, kan me like godt flytta til ein annan kommune, seier Alexander Kittang.

Han gler seg over stadig fleire medlemmer i Facebook-gruppa som krev nye tomter for einebustad i Knarvik.

Tysdag kveld var talet 149. Den siste kom inn medan Strilen snakka med Kittang på telefon.

Få einebustader til sals
«På finn.no er det massevis av leilegheiter til sals i Knarvik, men veldig få einebustader, skriv Kittang på den ferske Facebook-gruppa.

– Kommunen klør seg i hovudet over minkande elevtal til barneskulen. Og det er jo ikkje så rart når kommunen ikkje stiller opp med tomter for einebustader, seier Hildegunn Anundsen til Strilen.

Ho og familien er busette i leilegheit i Juvikstølen, men på jakt etter einebustadtomt, og har meldt seg inn i gruppa.

«Me kan risikera at barnefamiliar flyttar bort frå Knarvik for å få tilgang på tomtar og einebustader før borna startar på skule. Sjå berre på Bruvegen i Knarvik, kor mange barnefamiliar vert buande i dei rekkjehusa over lengre tid?», skriv Anund­sen i ein kommentar på Face­book-gruppa.

Hadde gjeve opp
– No vurderer me å flytta til Stavanger, der mannen kjem frå. Men eg er oppvaksen i Knarvik og kunne tenkt meg å bu her. Men før planutvalet sitt siste vedtak kom, hadde me heilt gjeve opp å få tak i einebustad, seier Anundsen til Strilen.

Anundsen og mannen vurderte tidlegare å søkja om tomt for einebustad i Juvikstølen.

– Men då var me under utdanning og hadde ikkje økonomi til å byggja innan fristen på to år. Som studentar slo me oss til ro med leilegheit. Det var planlagt 40 tomter for einebustader i Knarvik Aust, og me ville søkja der, seier Anundsen. Men så gjekk kommunen bort frå dei planane.

– Ta eit standpunkt!
Anundsen og Kittang synest Walde Bygg i for stor grad kjempar for ei tett utnytting med leilegheiter.

– Dei har også ei økonomisk interesse av at det vert mange leilegheiter, meiner Hildegunn Anundsen og Alexander Kittang.

Kittang seier at då planutvalet snudde til fordel for fleire einebustader, var det berre å «snu seg rundt».

– Responsen på Facebook viser den store støtta dette kravet har. Både eg og andre vurderer no å skriva brev til kommunen. Det Hildegunn Anundsen skriv på Facebook er viktig: Alle som bur i kommunesenteret, bør ta eit standpunkt til kva Knarvik dei vil ha i framtida, seier Kittang.

Prisantyding 1.490.000
Elles vart det nyleg lyst ut for sal ei einebustadtomt i Litlevika i Knarvik, storleik 822 kvadratmeter og «med flott utsikt» ifølgje kunngjeringa. Prisantyding er 1.490.000 + omkostingar.

Innan i går føremiddag hadde det ikkje kome bod på tomta, får Strilen opplyst hjå Eiendoms­megler Vest i Knarvik.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler