Strilen / Nyheter / Funnen død etter leiteaksjon på Radøy
Brukernavn 
Passord 
 

Funnen død etter leiteaksjon på Radøy

Del | |

RADØY: 85 år gamle Jakob Borlaug funnen død etter tur til Grønfjellet.

Publisert 03.04.10 22:37
Endret 05.04.10 17:07

Borlaug skreiv seg inn i boka på Grønfjellet, mellom Remme og Storheim, i to-tida laurdag.
Like før klokka elleve vart han funnen død i terrenget, ikkje langt frå ein av stiane til toppen.
Det er ikkje mistanke om noko kriminelt i samband med dødsfallet, opplyser politiet til bt.no.
Borlaug vart meldt sakna av familien i 20.30-tida, og det vart leita mellom anna med helikopter med varmesøkande kamera. 
Mange frå bygda var med og gjekk manngard, og i tillegg hadde politiet med seg Røde Kors, Norske Redningshunder, eigen hundepatrulje og pårørande i leiteaksjonen.

Politiet i Nordhordland, og dei pårørande, takkar dei mange frå bygda som var med og leita laurdag.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler