Strilen / Nyheter / Går til kamp mot sitkagrana
Brukernavn 
Passord 
 
Går til kamp mot sitkagrana

Går til kamp mot sitkagrana

På 1960-talet planta Maria Torkildsen ­sitkagran på garden sin. No står skogen for fall. – Eg håpar fleire tek ansvar og får den bort, seier ho.

Publisert 08.07.10 13:03
Endret 08.07.10 13:02

I ei fleire periodar vart bønder langs kysten oppfordra til å planta ut sitkagran. Det er det mange som angrar på.

– Heilt vilt
– I ettertid verka det heilt vilt. Me tenkte nok ikkje heilt gjennom kva me gjorde. Det vart planta altfor tett. Hjå meg har skogen tatt heilt overhand, seier Maria Torkildsen (74).

Då ho overtok familiegarden på Birkeland, fekk ho stønad til å planta skog i store delar av utmarka og litt på innmarka.

– Eg leigde inn éin mann for å hjelpa til med plantinga. Me planta 13.000 tre på ein månad. Det var eit krav at skogen måtte stå 40 år før han kunne hoggast, men eg tenkte det var ein god idé. Du kan tru at eg har angra.

Øydelegg steingardar
Dei første tjue åra var ikkje skogen noko problem.

– Men hjelpe meg kor den har vakse dei siste tjue åra, seier Torkildsen, og fortel at trea vart planta tett ved steingardar og mot nabogrenser.

– Etterkvart som trea vaks sprengde røtene seg inn i steingardane slik at dei rasa saman. Skogen tok også utsikten til fleire hytter og hytteeigarane var plaga med at vegen grodde igjen. Før kunne me plukka massevis av bær i utmarka. Det kan me berre gløyma no.

– Ta ansvar
Torkildsen meiner at den massive skogplantinga var ein stor tabbe.

– Eg har sett på desse trea i årevis og gremma meg over at eg har planta dei, men det er ikkje så lett å få gjort noko med det. Det nyttar ikkje å gå laus på ein slik skog på eiga hand, og i min alder kvir du deg for å styra for mykje med det. Eg tenkte at det fekk vera opp til neste generasjon.

Ein dag såg Torkildsen ei annonse i avisa om at Os Skog og anlegg AS tok på seg oppdrag i området. No er skogsmaskinene i full gang på eigedommen hennar.

– Det er heilt fantastisk. Eg hadde faktisk gløymt at me hadde sjøutsikt, seier Torkildsen som gjerne vil oppfordra andre til å gjera det same.

– Eg er veldig fornøgd med at eg tok grep og gjorde noko no og vil gjerne gå ut i avisa i håp om at det skal gje ein smitteeffekt. Det var mange her som planta skog samtidig med meg. Eg vil gjerne minna dei om at det er muleg å hogga no, seier ho.

Naboane jublar
Torkildsen får full støtte frå hytte­nabo Åshild Furnes.

– Me bygde hytte for omtrent 20 år sidan. Då tenkte me ikkje over trea som stod på naboeigedommen. Dei var ikkje så store og det var ikkje eit problem for oss. No derimot, er dei ei stor plage. Me jubla då me fekk høyra skogen skulle vekk, seier ho.

Torkildsen har også fått gode tilbakemeldingar frå forbipasserande som gler seg over ope landskap.

– Eg hadde ikkje dei store ambisjonane om å tena pengar på skogen, men litt inntekter ser det ut til å verta. Eg håpar at det skal gje nok pengar til nytt tak på løa. Eg er veldig godt nøgd med firmaet som har tatt på seg jobben. Dei har lova å ta seg av både skogen, røtene og rydda skikkeleg opp etterpå. Så langt har dei gjort ein veldig god jobb. Eg vil verkeleg råda andre til å gjera det same, seier Torkildsen.

– ENDELEG: – Eg er kjempeglad og naboane jublar. Endeleg kan me hogga skogen, seier Maria Torkildsen. Ho oppfordrar bønder med mykje skog til å ta affære. – ENDELEG: – Eg er kjempeglad og naboane jublar. Endeleg kan me hogga skogen, seier Maria Torkildsen. Ho oppfordrar bønder med mykje skog til å ta affære.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Brua er på plass

Brua er på plass

GULEN: Brua over Brandangersundet er løfta på plass.

    Rockefest i Austrheim

    Rockefest i Austrheim

    Laurdag 11. september vert det rockekonsert for alle i Austrheimhallen.

      Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt

      Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt

      Avfall frå andre enn hyttebrukarane fyller opp konteinarane.?

        Riisnes går  til filmen

        Riisnes går til filmen

        MASFJORDEN: Erik A. Riisnes vert å sjå i NRK Fjernsynet neste år.

          Tanita i X Factor

          Tanita i X Factor

          LINDÅS: Fredag kan du kanskje sjå Tanita Kolås frå Seim i ­talentkonkurransen X Factor på TV 2. (Foto: Øyvind Ganesh Eknes)

            BBC filma på Fedje

            BBC filma på Fedje

            – Nordsjøen er like viktig for Storbritannia, som den er for Noreg. Me er verdsborgarar og naboen sitt problem kan fort bli ditt, seier BBC-reporter Roderick Munro. I framgrunnen kaptein Oddvar Nilsen Husa på «Olavson» som tok filmteamet ut på staden der U-864 ligg senka.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler

              På forsiden nå