Strilen / Nyheter / Håpar på rekord
Brukernavn 
Passord 
 
Håpar på rekord

Håpar på rekord

KNARVIK: Stemninga framfor årets Elevaksjon for Aserbajdsjan er god, og kan gje ny rekord. Her er Maren Elise Svendsen, Elise Mjøs og elevrådsleiar Rosmari Valdersnes.

Publisert 05.02.10 19:48
Endret 05.02.10 19:47

– Eg kan merka at engasjementet er større i år enn i fjor. Så me håpar å sjå rekorden på 308.000 kroner frå 2008, seier Elise Mjøs.
Saman med Maren Elise Svendsen og elevrådsleiar Rosmari Valdersnes har ho fått ut kring 500 bøsser til aksjonen. Også i år går pengane til humanitært arbeid i Aserbajdsjan.
Både ein barneheim og yrkessenter for ungdom får nyta godt av det som kjem inn. Dei får kurs i engelsk, data, teppeknyting og trearbeid gjennom midlane frå Knarvik-elevane.

Vil ut i jobb
Seinare kan elevane ta nye kurs. Erfaringa er at opplæringa gjer det lettare for vanskelegstilte elevar å koma seg inn i arbeidslivet og tena eigne pengar.
– No i år er me fleire elevar enn nokon gong som er med, ettersom skulen vår har passert 1.000 elevar, seier elevrådsleiaren.
Mange vil gå med bøsser, medan andre har pønska ut litt meir kreative måtar å hanka inn bidrag på.
– Nokre av elevane sel eigne ting dei har laga, nokre jobbar eit dagsverk i butikkar og bedrifter. Andre går i tillegg rundt med bøsser, opplyser dei tre elevane.

Bøsser heile veka
Aksjonsdagar er tysdag for elevar på Juvikstølen og torsdag for dei på Kvernhus-myrane. Bøsseberarar vil folk møta heile veka, helst så godt organiserte at dei ikkje går oppå kvarandre same stader.
Skulen har over 200 elevar frå Bergen kommune, og dei har løyve til å gå med bøsser i sentrum.
I april får nokre elevar, etter trekning, vera med til Aserbajdsjan og overlevar det som kjem inn. Då får dei og danna seg eit inntrykk av korleis pengane kjem til nytte. Etter planen vil dei og ha med seg ein del klede som tekstilelevane ved skulen lagar.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Brua er på plass

Brua er på plass

GULEN: Brua over Brandangersundet er løfta på plass.

    Rockefest i Austrheim

    Rockefest i Austrheim

    Laurdag 11. september vert det rockekonsert for alle i Austrheimhallen.

      Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt

      Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt

      Avfall frå andre enn hyttebrukarane fyller opp konteinarane.?

        Riisnes går  til filmen

        Riisnes går til filmen

        MASFJORDEN: Erik A. Riisnes vert å sjå i NRK Fjernsynet neste år.

          Tanita i X Factor

          Tanita i X Factor

          LINDÅS: Fredag kan du kanskje sjå Tanita Kolås frå Seim i ­talentkonkurransen X Factor på TV 2. (Foto: Øyvind Ganesh Eknes)

            BBC filma på Fedje

            BBC filma på Fedje

            – Nordsjøen er like viktig for Storbritannia, som den er for Noreg. Me er verdsborgarar og naboen sitt problem kan fort bli ditt, seier BBC-reporter Roderick Munro. I framgrunnen kaptein Oddvar Nilsen Husa på «Olavson» som tok filmteamet ut på staden der U-864 ligg senka.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler

              På forsiden nå