Strilen / Nyheter / Håpar pengespel skal gje pengar til laget
Brukernavn 
Passord 
 
Håpar pengespel skal gje pengar til laget

Håpar pengespel skal gje pengar til laget

Del | |

MASFJORDEN: Masfjord Fotball kjem til å registrera seg i det nye Frivilligheitsregisteret. Då kan folk som spelar hos Norsk Tipping, gje deler av innsatsen til laget.

Publisert 16.01.09 14:16
Endret 16.01.09 14:15

Frå 1. mars har Norsk Tipping innført noko dei kallar gras­rot­andelen. Det inneber at folk som spelar, kan gje melding om at dei ønskjer at fem prosent av innsatsen deira, skal gå til eit bestemt, frivillig lag. Det kan vera alt frå fotballag til kor, korps og sjakklubb.
– Me kjem til å registrera oss i Fri­villigheitsregisteret i Brønnøysund, seier leiar John  Torsvik i Masfjord Fotball.
Dei driv med aldersbestemt fotball både for gutar og jenter.

Litt pengar
Lag som skal vera med på ordninga frå starten, må registrera seg innan 1. februar.
– Trur du det er mykje pengar å henta på dette?
– Det veit eg ikkje, men ein kan no håpa at ein del gjev grasrotandelen sin til oss, seier Torsvik.
Laget har ikkje til no bestemt korleis dei skal gå ut og argumentera for at folk skal føra opp nettopp dei på spelekortet.
– Nett no jobbar me mest med klubbhuset vårt, seier Torsvik.

Eineståande
– Me er ganske stolte av Grasrotandelen. Me er faktisk det første landet i verda som innfører nettopp dette, seier Pressetals­mann Magne Vikøren i Norsk Tipping til Strilen.
Dei som vil vera med på ordninga, må registrera kva lag dei vil gje pengar til, på spelekortet sitt. Dette kan dei gjera hos kommisjonær eller via internett eller mobilen.
– Folk kan skifta lag så ofte dei vil, seier Vikøren.
Sidan det heile går på data, vert det ikkje så mykje arbeid med å fordela pengane, meiner han.

Mykje pengar
Viss ein tek utgangspunkt i kor mykje folk rundt om spela i fjor, utgjer grasrotandelen i Lindås kommune 1,2 millionar kroner, i Meland 320.000 kroner, på Radøy 340.000 kroner, i Austrheim 300.000 kroner, i Gulen 220.000 kroner, i Masfjorden 90.000 kroner, på Fedje 43.000 kroner og i Modalen 25.000 kroner.
– Håpet vårt er at ordninga skal få fleire til å bruka pengespela til Norsk Tipping, slik at potten til fordeling vert minst like stor som no sjølv om fem prosent vert øyremerkt gjennom grasrotandelen, seier Vikøren.
Flax og Extra er ikkje med i ordninga.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler