Det at me brukar stemmeretten vår, og viser korleis me ønskjer landet vårt skal styrast er viktig. Veldig viktig!

For første gong er det i år over 1 million nordmenn som har førehandsstemt. Det nøyaktige talet er 1.029.014.

Her får du lista over kor mange som har førehandsstemt i dei forskjellige kommunane i vårt distrikt:

Modalen: 15,7 prosent (42 personar)

Meland: 25,4 prosent (1392 personar)

Radøy: 19,7 prosent (706 personar)

Lindås: 23,2 prosent (2583 personar)

Austrheim: 29,4 prosent (592 personar)

Fedje: 35,8 prosent (151 personar)

Masfjorden; 33,9 prosent (431 personar)

Gulen: 27,1 prosent (465 personar)

Har du ikkje stemt endå, så bør du nytta sjansen i dag.

Når du stemmer på sjølve valdagen, må du stemma i den valkrinsen du tilhøyrer. Vallokalet er som oftast ein skule eller idrettshall i nærleiken av der du bur. Informasjon om kva valkrins du tilhøyrer finn du på valkortet du fekk i posten for ei tid tilbake. På valkortet står også opningstidene for vallokalet ditt.

Bur du til dømes i Knarvik og skal stemma på Knarvik barneskule eller bur du på Frekhaug og skal stemma i Meland aktiv, så opna vallokalet klokka 12 og er ope til klokka 20 i kveld.

Å stemma på valdagen er ikkje vanskeleg. Det er berre å ta med seg valkort og legitimasjon og møta opp i riktig lokale. Der står det folk i døra som vil visa deg tilrette og forklara i kva rekkjefølgje du skal gjera ting.

Finn du ikkje valkortet ditt, så kan du stemma uten. Dersom du stiller i rett lokale og har med deg legitimasjon, så vil dei som sit der finna namnet ditt i manntalet.

Ikkje bli ein av heimesittjarane. Bruk stemmeretten din!