Ungdom er overrepresenterte i trafikkulukker. For at russen skal forstå kor fort det kan gå gale i trafikken, arrangerer Trafikkfagleg samarbeidsutval i Nordhordland ein årleg trafikkaksjon der dei viser kva krefter som verkar på ein bil i ein kollisjon i 80 kilometer i timen, og kva som skjer på ein ulukkesstad.

Ungdommane får også høyra historia til folk i nærmiljøet som sjølv er blitt skadde eller har mista nokon i ei trafikkulukke. Det er ein dag med sterke scener og mange inntrykk.

VISER VEG: Ei gruppe ungdommar er førstemann på ulukkesstaden og må ta ringja 113 og vera saman med dei skadde til naudetatane kjem. Her viser ein av ungdommane kor brannbilen skal kjøra, medan to andre passar på dei skadde og får rettleiing via telefon.
HURTIGFRIGJERING: To personar sit fastklemte i ulukkesbilen. Brannvernet går inn med to bilar og trekkjer ulukkesbilen frå kvarandre.
SET SEG INN: Helsepersonell har klartra inn i baksetet på ulukkesbilen for å passa på dei skadde medan bjelkane i bilen vert kutta over og delane trekt frå kvarandre.
OPNA: Bilen er opna og helsepersonell og brannvern kan starta jobben med å få dei skadde ut av bilvraket.
RYGGBRETT: Dei skadde vert tatt ut av bilen ved hjelp av eit ryggbrett som blir brukt omtrent som ein pizzaspade.
HJARTESTANS: Den eine "personen" som sat i ulukkesbilen har fått hjartestans og må få hjarte-lunge-redning på staden.
GRAVFERDSBIL: Ein av dei to i ulukkesbilen er erklært død på staden av lege, og gravferdsbyrået kjem for å henta den døde.
VÅTT: Sjølv om dei vart søkkjande våte vart ungdommane ståande ute for å sjå på det som skjedde.
OPE FOR ALLE: I år var ikkje trafikkaksjonen berre for russen. Alle som ville kunne stilla ved Nordhordlandshallen og sjå korleis politi, ambulansepersonell og brannvernet jobbar under ei trafikkulukke.