Bergen kommune har i samråd med vegvesenet gjort endringar ved krysset mellom Salhusvegen/Vikavegen. Dette gjeld altså området ved frisøren og krysset ned mot Salhus skule - ein veg fleire nordhordlendingar brukar til og frå byen.

På sine heimesider skriv kommunen at det no vil vera «vesentlege innskrenkingar i kjørebana og ingen parkering ved frisøren».

Kommunen seier også at dei oppmodar alle som har busskort til å nytta bussen, for å unngå farlege situasjonar.

Med mykje trafikk på E39 har vegen i mange år blitt brukt som ein «snarveg» til Bergen. Den seinare tid har vegarbeid i Salhusvegen og fartshumpar gjort vegen mindre attraktiv.

Foto: Bergen kommune