Båten er ein eldre kvit 16–18 fot Wesling plasbåt med eit lite overbygg og blå kalesje. Båten har også ein 75 hestar yamahamotor på.

Politiet har sidan båten vart funnen sist torsdag, prøvd å spora opp eigaren. Men det er ikkje på noverande eigar båten er registrert. Difor håpar dei at nokon der ute kjenner båten og kan hjelpa dei i kontakt med eigaren.

Er det nokon som meiner å dra kjensel på båten, må dei ta kontakt med lensmannskontoret i Knarvik.