Foreininga Radøy for Moldova hjelper menneskjer ut av fattigdomen.

Det er mange som har det vanskeleg, særleg om vintrane, som er kalde og harde, skriv Radøy kommune på sine nettsider.

– Me kjenner radværingane sitt varme hjarta til å hjelpa andre, så me tenkte at ei innsamling no også er eit greitt høve for oss alle til å rydda litt etter vinteren, seier styreleiar Jostein Dale i Radøy for Moldova.

Dei treng klede og sko i alle storleikar. Om det er noko slitasje gjer det ingenting, men dei bør vera heile og reine. Sko bør bindast saman, så dei ser at det er heile par.

Du kan levera inn klede og sko i merka bil/konteinar ved Bunnpris Bøvågen, Felleskjøpet Manger og eggutsalet på Dale. Innsamlinga går føre seg ut denne veka, til og med laurdag 20. mai.