Ulukka i Lurevegen på Seim blei meldt rundt klokka 18.50.

– Den skjedde i 60-sona i krysset mellom Lurevegen og Skarsvegen, sa operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt til Strilen ved 19-tida.

Ulukka blei meldt av ein forbipasserande, som meinte at ein person i ein av dei involverte bilane kunne vera skadd. Då naudetatane kom til staden, hadde begge bilistane kjørt sin veg.

– Det har vel ikkje vore så dramatisk som det kunne ha sett ut for meldar då han kjørte forbi, sa Rebnord.