Over kan du sjå ein kort videosnutt av «gullfisken».

Det korrekte namnet på fisken er gullvederbuk, og fiskane er faktisk ulovleg utsette i Kvassnesstemma. Ein del av fisken er blitt ganske stor, og det er mykje yngel i tillegg.

Fisken hadde aldri kome dit utan hjelp, og det å setja ut slik fisk eller flytta fisk mellom ulike vatn, er miljøkriminalitet. Mange fryktar at gullvederbukane skal fortrengja andre artar.

Her kan du lesa kva fiskeekspert Endre Hopland seier om gullvederbuken (krev innlogging).