– Ulukka har skjedd i krysset ved Shell-stasjonen i Knarvik. Ein bil og ein MC har kollidert, og det er meldt om lettare skader på begge kjøretøya og på føraren av sykkelen, opplyser 110-sentralen i Bergen til Strilen nokre minutt over klokka 16.

Ganske fort vart det opna for manuell dirigering og ikkje lenge etter vart vegen heilt opna igjen.

Politiet bekreftar at dei har oppretta sak etter ulukka.

I KRYSSET: Kollisjonen skjedde i krysset ved Shell-stasjonen i Knarvik ca. klokka 16. Foto: Erlend Nordland Kristiansen