I september og oktober arrangerer Radøy kommune eit kurs for pårørande til personar med demens.

Det passer både for familiemedlemmer og venner av personar som er ramma. Målet med kurset er å gje kunnskap og støtte.

På kurset vil ein læra meir om demens, og kva følgjer det har for dei som vert sjuke og deira omgjevnader. Det vert forelesningar om sjukdomslære, kommunikasjon, historiar frå pårørande og informasjon om lovverket og tilbod i kommunen. Etter forelesningane vert det samtalegrupper der ein før mulegheit til å utveksla erfaringar.

Kurset skal vera på Radøy ungdomsskule på kveldstid og går over fire onsdagar i september/oktober. Det er plass til 20 deltakarar og vil du vera med eller ha meir informasjon kan du kontakta Anette Floen i Radøy kommune på tlf. 56349190. Fristen for å melda seg på er 1. september.