Klokka 21.45 tysdag kveld blei det meld om brann i ein tomannsbustad i Storsteinen i Hillandsfeltet i Lindås. Naudetatane kom til staden berre nokre få minutt etter.

Redda hund

Då skal det ikkje ha vore synlege flammar og alle menneske skal ha komme seg ut av huset, men to personar skal ha blitt sendt til legevakt for sjekk. Brannvesenet måtte likevel ila til for å redda ein hund som var att i huset.

– Etter kvart kom dei berande ut med hunden, som såg ut til å vera i live, kunne Strilen sin reportar på staden fortelja.

På Twitter melde politiet at veterinær blei varsla for å få behandling til denne hunden og ein annan hund som var i huset.

Full utrykking

Totalt rykka Lindås og Meland brannvern ut med 17 mann. I tillegg kom brannmannskapar frå Radøy, men då var situasjonen begynt å bli avklart. Også ambulanse og politi var på plass.

– Vi hadde fort kontroll, konstaterer innsatsleiar Ole Johan Ingebrigtsen i brannvesenet.

Leilegheita fekk ein del røyk- og sotskadar, så brannvesenet starta utlufting i etterkant.