Valdagen er først måndag 11. september, men frå og med torsdag 10. august og fram til 9. september er det mogleg å førehandsstemma i Norge.

Valet i gang

Rådhuset i Knarvik er ein av tre stadar i Lindås ein kan førehandsstemma. Margrethe Høyland på kundesenteret fortel at dei har hatt ein del trafikk allereie første dagen.

– Her har vel vore ein ti-tolv personar, og me har hatt fleire telefonar med spørsmål om kor og kor tid.

Det er Høyland og kollegaene på kundesenteret som tar imot stemmene på rådhuset. Heile stemmeprosessen er potensielt gjort på null komma niks.

– Ein må ha med seg legitimasjon og valkort, så vert det skanna inn og sett at ein står i manntalet. Så får ein valsetlar i avlukket, den vert så stempla og så legg ein stemma i urna. Til slutt må ein kryssa av ein har stemt.

Også andre kommunar i regionen som Strilen har prata med fortel om litt trafikk på kommunehuset anledning opninga av førehandsstemminga.

Artikkelen held fram under bildet.

FØREHANDSSTEMMING: Valet er for alvor i gang. I vekene som kjem vil hundrevis av nordhordlendingar springa til ei valurne. Foto: Erlend Kristiansen

Populært

Ved Stortingsvalet i 2013 vart det satt ny rekord i talet på førehandsstemmer. Over 840.000 valte å stemma før sjølve valdagen, ifølge NRK. Det betyr nærmare 30 prosent av alle stemmer som kom inn.

Nokon få har allereie tjvustarta valet. Frå 3. juli har ein kunna gjort det som heiter tidlegstemming. Ved førre stortingsval var det nærmare 15.000 som valte å gjera det.

RÅDHUSET: Ved alle rådhusa/kommunehusa i Nordhordland/Gulen er det lagt til rette for førehandsstemming. Foto: Erlend Kristiansen