Då kjem Lou Cathrin Norren frå Det nasjonale foreldreutvalget for barnehagar på besøk.

Norren vil snakka om kva som er mobbing, korleis ein kan avdekka, førebygga og stoppa mobbing, dei vaksne sitt ansvar og kva betydning samarbeidet mellom foreldre og tilsette har i forhold til dette.

Arrangementet er eit samarbeidsprosjekt mellom Blåklokka barnehage og Meland kommune.

– Me ønskjer at fleire foreldre skal melda seg på arrangementet. Dette er arbeid med kvalitet i barnehagane og førebyggjande folkehelsearbeid, skriv Mette Marei Træland i Meland kommune i ein epost til Strilen.

Arrangementet er ope for alle og det er plass til 200 personar. Dersom du vil vera med, må du kontakta blåklokka barnehage på epost blaklokka@gmail.com og melda deg på.