Onsdag er det klart for ein av dei verkelege store høgtidsdagane her til lands. Me feirar grunnlov, sjølvstende og demokrati: Ei markering som kanskje er viktigare enn på lenge om me ser på den urolege situasjonen rundt om i verda.

Enkelt å lasta opp

Tradisjonen tru vil me i Strilen dela lesarane sine bilde frå feiringa. Last opp bilde på Instagram, og merk dei med #strilen17. Då publiserer me dei på strilen.no etterkvart som dei kjem inn, og tar med eit utval i papirutgåva fredag.

Skriv kven eller kva me ser på bildet, og kor det er tatt.

Dei fleste har i dag gode mobiltelefonar som tar flotte bilde. Det er difor enkelte å gjera dei tilgjengelege for andre.

Borna sin dag

17. mai er på mange måtar borna sin dag. Flotte tog med flagg og barnerop pregar bygdene rundt om. Mange samler seg til aktivitetar ved skulen eller grendahuset: Her er det mange mulege blinkskot å henta.

Om du skulle ønskje å senda bilde til oss på e-post, er det òg muleg. Send til adressa desk@strilen.no, og merk e-posten med «17. mai» i emnefeltet. Skriv kven eller kva me ser på bildet, og kor det er tatt.

Mange har allereie starta førebuingane, anten det dreier seg om baking, pussing av bunadssølv eller pynting i heimen. Last gjerne opp bilde allereie no!

Her ser du nokre av lesarbilda me viste fram i fjor.