KREATIVE: Anna L. Johansen, Anne Dagestad og Tuva Aadnekvam Hammer
ROSA: Kassebilen «Tøffelen» gjekk mange rundar
HEIAGJENG: Barna frå Leiketun Barnehage heia og motiverte løparane fram
ASTROCATS: Josefine Mjøs og Ingrid Nordanger
KJENDISAR: – Det er oss Skam byggjer på altså!
BACKFLIP!
BERRFØTT: Jonathan Solheim sprang mange rundar - utan sko!
LØP LENGST: Andreas Tolleshaug Lund løp 16 rundar, mens kompisen Runar Karlsen Eide løp 10.

Misjonsløpet har vore tradisjon sidan Danielsen ungdomsskule opna på Frekhaug i 2012. Her er det om og gjera å springa så mange runder ein maktar på 60 minutt, og så donera eit forhåndsavtalt beløp til skulens hjartesak, misjonsprosjektet i Mongolia.

– Det handlar om å gjera ein innsats for andre, seier rektor Laila Eidsheim.

Ho fortalde vidare at sjølv om ein liten komité har hatt spesielt arrangøransvar, har heile skulen lagt ned ein formidabel innsats.

I løpet av neste skuleår dreg ein delegasjon frå skulen til Mongolia og får sjå med eigne auge at innsatsen kjem til nytte.

– Då plukker me ut nokre elevar som får eit minne for livet. Me vil vurdera litt utifrå innsats, kven som brenn mest for prosjektet, kven som taklar det å opphalda seg over tid i ei framand kultur og ikkje minst formidlingsevna ved returen, seier Laila Eidsnes.