– Me har ikkje noko informasjon om helsetilstanden hans, men me får håpa det kjem pressemelding frå sjukehuset. Han blei sendt dit med ambulanse, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

På tur med hund

Like før klokka 13.30 fann ein av dei private båtane som deltok i søket mannen som har vore sakna etter å ha falle i sjøen Fosnstraumen i området mellom Austrheim og Radøy.

Politiet reknar med at han har vore ute på tur med hunden og sklidd og ramla på sjøen. Hunden kom seg på landt på eiga hand.

– Mannen blei frakta til land og fekk livreddande behandling av helsepersonell, seier Kolltveit

Mannen fall i sjøen ved 11.15-tida, i nærleiken av Færøysundet. Han blei til alt hell observert av folk i området, slik at nautetatane blei varsla, Sea King og ei redningsskøyte rykte ut.

Det blei òg etter kvart rekvirert hundeekvipasjar til strandsøk.

Til bt.no fortel politiet at mannen blei funnen 400–500 meter før for Forsnstraumbrua. Det er sterk straum i området.

Rosar frivillige

Frode Kolltveit er særs nøgd med innsatsen til dei som var med i leiteaksjonen.

– Det var mange private båtførarar som melde seg, i tillegg til redningsskøyte, lossbåt og anna. Det er veldig bra, seier Kolltveit.

Har du bilde frå leiteaksjonen? Send til 922 35 766 eller stig@strilen.no