Det skriv Lindås kommune på sine nettsider.

Å besøkja kommunepsykologen er eit gratis tilbod til barn og unge, og det er ikkje nødvendig med henvisning.

Grunnar til å oppsøkje psykolog kan vera mange. Til dømes langvarig tristheit, angst og uro, nervøsitet knytt til det å begynna på ein ny skule, vanskar med å få venner og mistrivsel på skulen eller heime.

For å avtala time kan ein ta kontakt på telefon 56375451 eller 40913547. Psykologen har teieplikt.

plikt.