Det skriv Bergens Tidende.

Mordbrannparagrafen

– Statsadvokaten har tiltalt dei etter Riksadvokatens ordre. Tiltalen gjeld såkalla mordbrann og grovt skadeverk. Det betyr at det var fare for tap av menneskeliv og at større verdier gjekk tapt, seier politiadvokat May Britt Erstad til avisa.

Det er statsadvokat Benedikte Høgseth som har tatt ut tiltalane i saka mot dei to polske brødrene på 35 og 36 år.

– Dei er tiltalt etter straffelovens paragraf 355 for å ha forårsaka brann som lett kunne medført tap av menneskeliv og paragraf 352 om grovt skadeverk.

Sjokk

Det kom som eit sjokk då det fort blei klart at brannen i desember 2015 var påsett.

Heile den eine delen av asylmottaket brann ned, kort tid etter at det var beslutta å oppretta mottak på Lune Huler.

Politiet har etterforska tre polske menn i samband med brannen. Det er berre to av dei som no blir tiltalt.

Tatt tysdag

Dei to blei pågripne tysdag denne veka.

ORDKNAPP: Lensmannen var på reise torsdags formiddag, og vil ikkje seie for mykje om gjennombrotet i asylbrann-saka.

– Me framstiller dei for varetekt på grunn av fare for at dei skal unndra seg straffeansvar. Tiltalen er ikkje formelt forkynt for dei, men dei er gjort kjent med den, sa politiadvokat Erstad til bt.no.

Lensmann Kjell Idar Vangberg nekter å svare Strilen om etterforskinga som har ført fram til pågripingane.

– Det har vore ei pågriping, det kan eg bekrefte. På det noverande tidspunkt vil eg ikkje seie meir. No skal saka opp for retten og statsadvokaten overtar saka.