SISTE: I 10-tida har alle fått straumen tilbake, ifølge BKK.

«Det er for tida straumbrot i Nordhordland i området frå Seim til Knarvik. BKK jobbar med å retta feilen så snart som mogleg.»

Tre over linja

Det melde BKK litt etter klokka åtte. Første meldingane gjekk ut på at 1603 kundar vart ramma av straumbrotet. Etter ein halvtime var det berre 198 kundar som mangla straum. Ei stund etter 121.

– Det er eit tre som har falle over linja under skogryddingsarbeid i skogen ved Seim. Det har ramma straumlinja som går frå Seim til Knarvik, seier kommunikasjonsrådgjevar i BKK, Anne Mette Tuvin.

– Det me gjer er å isolera denne feilen i det området. Då kan me kopla inn kundar etter kvart. 80–90 prosent frå straumen tilbake ganskje kjapt, og det har det forsåvidt skjedd her.

BKK-mannskapar frå Knarvik har no rykka ut til Seim.

I formiddag?

Dei første meldingane BKK sende ut antyda at klokka kunne bli 11.30 før alle kundane ville vere på nett att. Det har ikkje forandra seg etter at talet på straumramma blei seinka til 121.

Straumen forsvann rundt klokka åtte måndags morgon.

– Me veit ikkje når straumen vil vera tilbake. Det spørst om linja har fått ein skade, seier Tuvin i BKK.