Ungdomar inntar talarstolen over heile Radøy 17. mai i år. I samband med den tradisjonsrike kransnedlegginga ved dei fire Radøy-kyrkjene, er det fire ungdomar som står for appellen. I tillegg skal Maria Stevnebø Rye (16) halda hovudtalen for dagen på Bø og ungdomsrådsleiar Steffen Vestheim Sævdal (17) skal halda appell ved Velferdssenteret under prosesjonen på Manger.

– Eg vart ein smule sjokka over å bli spurt, men synest samtidig det er ei ære å få halda 17. mai-tale i Hordabøhallen, seier Maria Stevnebø Rye.

Ho brukte berre fem minutt på å bestemma seg for å svara ja.

HOVUDTALEN PÅ BØ: Maria Stevnebø Rye (16) skal halda 17. mai-talen på Bø. – Eg gler meg meir enn eg er nervøs, seier ho.

Kva samfunnet krev av dei unge

Maria Stevnebø Rye vil snakka litt om kva samfunnet krev av dei unge i dag, om skule og utdanning, og ho vil trekkja fram det flotte ungdomsmiljøet i kommunen.

– Eg synest ungdomstilbodet og miljøet har utvikla seg veldig positivt, seier ho.

Ho har naturleg nok også med litt historikk og tankar om fedrelandet i talen sin. Talen hadde Maria ferdigskriven langt over ei veke før nasjonaldagen. Det gir mindre stress, og dessutan får ho tid til å få talen skikkeleg under huda.

– På den måten kan talen bli mest mogleg naturleg, seier Maria, som går 1. året i helse- og sosialfag på Austrheim vidaregåande.

– Ungdom betyr noko

Så langt er det mormor, morfar og ungdomskoordinatoren som har fått høyra årets 17. mai-tale på Bø.

– Eg er ikkje så nervøs, gler meg mest, seier Maria, som skal gå med bunaden ho fekk til konfirmasjonen på nasjonaldagen.

Maria ser fram til å feira dagen saman med familien på Bø. Og det blir garantert mykje is på 17. mai-talaren.

– Ja, eg elskar is, forsikrar ho.

Den 16 år gamle radværingen synest det er flott at ungdom står fram som talarar på årets 17. mai.

– Det viser at ungdom blir tatt på alvor og at vi betyr noko, seier Maria, som har halde tale for ei stor forsamling også tidlegare – då ho gjekk ut av 7. klasse og held tale på avslutningsfesten.

Flott at unge får sjansen

– Det er flott at ungdom får denne sjansen på nasjonaldagen. Dei seier noko om at ungdom er viktig og at ungdomsrådet betyr noko. Klart det er stas å bli spurt, seier ungdomsrådsleiar Steffen Vestheim Sævdal.

Han skal i appellen sin framheva kor viktig det er å oppretthalda det gode ungdomsmiljøet – også inn i den nye kommunen.

– Ungdom bryr seg og vil vera med og ta ansvar, seier Steffen, som også heldt appell for to år sidan.

Nestleiar i ungdomsrådet, Susanne Sævdal Bere, synest det er ein smule nervepirrande å framføra noko framfor mange menneske.

– Dette er ein viktig og alvorleg tale, og det er ei ære å bli spurt, seier Susanne, som også skal gå i bunad på nasjonaldagen.

– Imponerer stadig

– Ungdommane våre imponerer stadig, seier ordførar Jon Askeland, som hadde ideen til å be ungdomsrådet om å halda fredsappellen ved kransnedleggingane i Radøy i år.

– Det er viktig for oss å få høyra kva tankar dei unge gjer seg kring det å feira vårt frie Noreg, i forhold til det å heidra dei ungdommane som mista livet under krigshandlingar i tidlegare tider. Eg er sikker på at ungdommane vil gje oss alle viktige bodskap som er verdt å ta inn over oss, seier ordføraren.

Susanne Sævdal Bere (17) skal halda appell på Sæbø, Frida Soltveit Gabrielli (16) på Sletta, Marte Vågenes Solheim (16) på Bø, og Caroline Steindal Floen (15) på Manger.

– Eg er både takksam for at Radøy-samfunnet på denne måten løftar dei unge fram, og for at våre dyktige unge er så tøffe at dei tek utfordringa og deler tankar og verdiar med oss, avsluttar ordføraren.