SISTE: Feilen vart retta i 12.30-tida. Alle husstandar skal no ha fått straumen tilbake.

107 husstandar

«Vi har en feil i området rundt Beitingen, Skjelsand, Opsøy og Golfbanen».

Det melde BKK på sine heimesider i dag tidleg. Feilen vart ifølge BKK registrert klokka 8.21 tysdags morgon og skal ha ramma minst 107 husstandar.

Forventa retting av feilen var først klokka 11, seinare forandra til klokka 13. Litt før klokka 13 vart feilen altså retta.

Må i båt

– Me har brukt litt tid på å finna denne feilen. Det som er mest sannsynleg er at det er feil på ei linje på Ypsøy. Då må me ut med mannskapar i båt for å reparera feilen, sa kommunikasjonsrådgjevar i BKK, Anne Mette Tuvin klokka 11.

Ho fortalde at det kunne gå ei tid før Ypsøy, som stort sett består av hytter, fekk straumen att. I dei andre områda burde det ikkje ta så lang tid.

– Når me har fått lokalisert feilen så vil dei få straumen att. Men me må få tak i ein båt.