I helga var Utrykningspolitiet (UP) ein tur i Meland der dei hadde ein fartskontroll i ei 60-sone i Rosslandsvegen.

Det enda med at fem bilistar fekk forenkla førelegg, og ein bilist mista førarkortet etter å ha kjørt i 87 km/t i 60-sona.

Søndag stoppa politiet i tillegg to bilistar som kjørte utan gyldig førarkort. Ein i Mongstad-området og ein i Meland. Desse vil bli anmeldt og kan venta seg bøter.