Politiet i Gulen, Masfjorden og Solund håpar at nokon veit kven som eig båtane, eventuelt at eigarane melder seg sjølv.

– Den eine båten blei funnen på Solheim i Masfjorden, den andre i Kjekalen mellom Masfjorden og Lindås, får Strilen opplyst ved lensmannskontoret.

(saka held fram under bilda)

Båtane er ikkje i tipp topp stand, men politiet trur likevel at det kan vera nokon som saknar dei.

– Mykje tyder på at båtane har slite seg, opplyser politiet.

Om du veit noko om båtane, kan du kontakta politiet på telefon 57 78 13 00 ,