Like før klokka 13 tysdag fekk naudetatane melding om ei trafikkulukke på Fv 57 ved Kjevikdalen. Det viste seg å vera ei utforkjøring.

-Bilen har først vore utfor vegen på høgre side og har så fått sleng og gått i fjellveggen på motsett side, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg til Strilen.

Dei materielle skadane var store, men føraren sat ikkje fastklemt og kom seg ut av bilen ved eiga hjelp. Han fekk tilsyn av helsepersonell på staden og vart sendt til sjukehuset for ein sjekk.

-Han vart utskriven same dag og var heldig og slapp unna med berre nokre lettare skader. Me har avhøyrt han og me har valt å inndra førerkortet hans medan me etterforskar ulukka, seier Vangberg.

Det er ikkje mistanke om ruskjøring.