I samband med at Sykkel-VM skal arrangerast i Bergen i perioden 16. til 24. september, vert det omfattande endringar i trafikkmønsteret. Den første endringa trer i kraft alt frå klokka 05.00 på torsdag 14. september, med stenging av høgre felt på E39 på strekket mellom Åsane terminal og Gamle Bergen/Sandviken, i retning mot Bergen. Det vert også stenging av høgrefeltet på E39/ Fjøsangervegen, mellom Danmarksplass og Krambua.

Berre rutegåande trafikk kan passera, og det vil venteleg bety at det vert rikeleg med privatbilar og yrkestransport i det eine feltet som er ope. Dermed bør ein anten ta buss, ta båten, eller stå opp veldig tidleg og passera strekket før 05.00.

Merk også at det er berre bussar og drosjar som kan kjøra i dette mellombelse kollektivfeltet, og ikkje elbilar. Batteribilane må stå i kø som alle andre.

Stoppar ikkje i sentrum

Vel du å ta bussen til Bergen må du vera klar over at bussane ikkje kjører gjennom sentrum. I heile perioden 14.-25. september kjører bussane til og frå Nordhordland via Fløyfjellstunnellen, og einaste haldeplass i sentrum vert dermed Bergen busstasjon.

Nordhordlandsruta mellom Knarvik kai, Frekhaug kai og Bergen går som vanleg i samband med VM, med unntak av laurdag 23. og søndag 24. september, der båten mot normalt vil gå også i helga. Med tanke på at kapasiteten på E39/motorvegen gjennom Åsane er strupa kraftig, og mange kanskje vel båten desse dagane, kan det vera lurt å ta ein tidleg båt eller vera tidleg ute til den avgangen ein vil bruka.

Direktebussar

Skyss har sett opp eigne direktebussar i samband med Sykkel-VM, men desse startar først laurdagen som VM startar, og vil gå i perioden 16. til 24. september. Bussane mellom Knarvik Skysstasjon og Bergen vil ha avgang kvart 20. minutt, og vil i Bergen ha haldeplass på Bergen busstasjon perrong C. Direktebussane vil i perioden 16. - 24. september ha avgangar mellom 06.00 og 21.00 på vekedagar, og 12.00 til 24.00 i helgene. Namnet direktebuss betyr det at ein ikkje kan gå av eller på andre stader enn endehaldeplassane.

Direktebussane er innleigd materiell utan Skyss-logo, og det vert ikkje mogleg å løysa billett om bord. Billettprisen er same som elles, eller ein kan bruka Skyss sin spesielle VM-billett. Billettar får du kjøpt i Skyss Reise-appen eller på billettautomat. VM-billettane er også tilgjengelege i Vipps.

Stenger sentrum

Bergen sentrum vert naturleg nok kraftig påverka av VM-konkurransen, mellom anna med stenging av fleire gater. For dei som skal ta bybane vidare sørover er det greitt å merka seg at endestasjonen i Byparken vert stengt, og næraste stasjon om ein skal sørover er Busstasjonen. For nordgåande trafikk vil Bybanen kjøra til Nonneseter ved jernbanestasjonen.

For meir info sjå nettsidene til Skyss, Statens Vegvesen og Sykkel-VM