Nyleg hadde Strilen ein artikkel om AUF i Nordhordland som var bekymra for elevar som har fullført to år på vidaregåande og ikkje får læreplass. På landsbasis er om lag 9.000 elevar i denne situasjonen.

– Men i Nordhordland er stoda betre enn på landsbasis, meiner Vivian Kårbø i Nordhordland Næringslag.

Betre enn frykta

I fjor var det mange som var urolege og lurte på korleis det skulle gå med alle lærlingane når bedriftene nedbemanna.

– Eg må innrømma at eg også var bekymra, fordi eg visste at me hadde opp mot 45 elevar som skulle ha læreplass i ein bransje i krise. Men det løyste seg i grunnen fint, seier Kårbø.

Ho får støtte frå NAV Lindås sin ungdomskontakt, Silje Osland-Grepstad, som følgjer opp ungdom i aldersgruppa 16 til 25 år.

Dei har begge inntrykk av at bedriftene i det lengste har prøvd å skjerma lærlingane, og at mange har valt å ta inn lærlingar trass nedgangen fordi dei ser det som ei investering i framtida.

Noko eksakt tal på kor mange som står utan læreplass i vår region er vanskeleg å gje, men ser ein på heile Hordaland fylke så er talet per i dag 350.

Mekanisk og elektrofag

I fjor var problemet størst innan mekaniske fag og elektrofag. I år har dei to inntrykk av at det er meir jamnt fordelt innanfor fleire fagområde.

Kårbø og Osland-Grepstad trur det er fleire faktorar som speler inn og som gjer at situasjonen i Nordhordland ikkje vart så gale som ein frykta. Ein grunn er at bedriftene i regionen vår generelt er flinke til å ta ansvar, og at stadig fleire tek inn lærlingar.

– Det brukar heller ikkje å vera vanskeleg å få bedrifter til å ta inn ungdom som er på tiltak gjennom NAV, fortel Osland-Grepstad.

Godt samarbeid

Knarvik vidaregåande, Austrheim vidaregåande, Nordhordland Næringslag, ungdomskontakten Salto, Nav, Opplæringskontoret for Nordhordland og Fagopplæringskontoret i fylket har også eit godt samarbeid som dei meiner har spelt ei viktig rolle.

I tillegg har Vg2-elevane dei siste åra også fått besøk i klassenav bedrifter og lærlingar som seier kva som er viktig å tenkja på for å få seg læreplass.

– Det gjer nok at elevane er bedtre førebudde og meir bevisste på kva som vert forventa av dei som lærlingar, seier Osland-Grepstad.

Bruk kontaktnettet

Det første og enklaste rådet Osland-Grepstad kan gje til elevar som er på jakt etter læreplass, er å bruka kontaktnettet sitt.

– Det står ikkje i panna di at du vil ha læreplass, så det er lurt å fortelja til folk i nettverket ditt. Kanskje dukkar det opp eit tilbod eller ein mulegheit du ikkje hadde tenkt på via omvegar.

Ho oppfordrar også dei som står utan tilbod om å ta kontakt både med sitt lokale Nav kontor, og med Fagopplæringskontoret i fylkeskommunen. Begge kan nemleg gje gode råd og kan gjerne også hjelpa med eit tilbod.

Viktig meldekort

Fylkeskommunen sender i desse dagar ut eit brev til alle som står utan læreplass og som framleis har ungdomsretten. Brevet inneheldt eit meldekort.

– Manglar du læreplass er det veldig viktig at du fyller ut dette kortet og sender det tilbake til dei. Visst ikkje vil ikkje namnet ditt stå i registeret deira, og då får du ikkje hjelp derifrå. Då er du ute av systemet, seier Osland-Grepstad.

Meldekortet må sendast inn innan 28. august.

1/3 av dei som fekk tilsendt dette meldekortet og fylte det ut møtte på samlingar som vart arrangert for elevar i deira situasjon.

– Ikkje gi opp!

Kårbø fortel at det er lett å mista motet når ein ikkje får læreplass med det same.

– Nokon trur at visst du ikkje får læreplass i august, så må du venta eitt år. Det er ikkje tilfellet. Ein lærekontrakt kan teiknast når som helst på året. Me opplever kvart år at det vert signert slike kontraktar både i oktober og desember, så folk må ikkje gje opp.

Ved å melda frå til fylkeskommunen og til Nav om at ein manglar eit tilbod, så kan ein til dømes få eit tilbod om eit Vg3 tilbod på skulen og/eller hjelp til å skriva søknadar og cv, samt råd om kor ein kan søka.

– Toget er på ingen måte gått sjølv du ikkje lukkast med det same. Det finst hjelp å få, seier dei.