– Seks kilo på kvar salutt. For rundt femten år sidan hadde me halvanna kilo i kvar, men det har komme opp så mykje kratt og skog at lyden vert dempa. Og så har folk sagt at «eg høyrte ikkje smellet i år», så då har eg lagt til litt kvart år, seier Ove Myking.
Alversund Maskinstasjon har lange tradisjonar med å stå for salutten på 17. mai, og i femten år eller så har det vore Ove sin jobb. Kvart over seks om morgonen står han og tre kolleger klar ved vegen over Erstadfjellet, med dynamitt, lunter og alt som skal til, klare til å gå innover til varden straks Strilen sin utsending er på plass.
Passar på
Ladningar og lunter er klare i god tid, og gjengen rekk å nyta utsikta og finveret før salven skal settast av. Frå Tveitavarden er det utsikt rett ned på Alver, som kanskje vert namnet på den nye kommunen med Lindås, Meland og Radøy.
– I dag ber nok lyden godt, sidan det er så stille. Har ein vinden rett i mot, så tek det mesteparten av lyden, seier Myking.
Dynamitten vert lagt ut med litt avstand, rett på fjellet, tennarane vert sette i og luntene trekte bakanfor i god avstand.
På sekundet
Etter å ha skrive seg inn i turboka ved varden, er det på tide å trekkja bak og gjera seg klar.
Første smell klokka sju presis, så ein smell minuttet over, og det siste to minutt over sju. Myking senior er på telefonen til Ove før røyken har lagt seg, og det er tydeleg at den eldste skytebasen i firmaet er godt nøgd med årets salutt.
Så er det berre å rydda saman luntene, og setta kursen heimover for å bytta arbeidsklede med finstas.
God 17. mai til alle!