– Det er heilt utruleg kva enkelte kan få seg til å gjera, seier ein mann på Skjellanger i Meland. Skjærtorsdag oppdaga han at døra på minigravaren han eig var vekke.

– Han stod slik til at eg ikkje såg den sida av maskina frå huset, så eg veit ikkje akkurat kor tid døra har forsvunne, men eg mistenkjer at det har skjedd natt til skjærtorsdag, seier mannen. Han har kontakta politiet om saka og håpar døra kjem tilrette att.

Maskina er ein minigravar på 3,5 tonn av merket Hanix 350–2.

HANIX: Maskina er av merket Hanix.

Kva nokon skal med døra på ei slik maskin, er ikkje godt å seia.

– Det verkar veldig merkeleg. Den einaste forklaringa eg kan koma på er at den som har tatt døra har ei liknande maskin sjølv som mangla dør, seier mannen.

Han oppfordrar folk som måtte ha sett mistenkjeleg aktivitet i området eller har tips i saka om å ta kontakt med lokalt politi.