Måndag ettermiddag fekk politiet melding om at ein tilsett som jobba i eit firma som driv med trefelling hadde fått eit tre over seg under arbeid i Beitingsvegen.

Mannen hadde smerter i foten, og vart frakta til lege med mistanke om brotskadar.

Arbeidstilsynet er varsla om hendinga, slik rutinane er i denne type saker.