Førebuande fellesnemnd var i møtet i dag måndag 15. mai delt i spørsmålet om kva namn som skulle gå vidare til endeleg avgjerd i dei tre kommunestyra, som skal ha møte i Lindåshallen torsdag 22. juni.

Fleirtalet på 15 gjekk for Alver, medan ein mindretal på seks, av desse fem frå Lindås, ville ha Knarvik. Nemnda er sett saman av politikarar frå dei tre kommunane, med ordførarane og varaordførarane i spissen.

Spenningsmomentet no er kva som skjer når dei tre kommunestyra skal handsama namnespørsmålet om ein dryg månad. Rett nok skal dei ha møte same dag og same stad, men kommunestyra i Lindås, Meland og Radøy er berre vedtaksføre kvar for seg, og må dermed gjera kvar sine vedtak om det nye kommunenamnet.

Etter at kommunestyra har sagt sitt den 22. juni, er det til slutt Kongen sjølv som har det siste ordet i å godta namnet på den nye storkommunen i regionen.

Les også: Alver er namnet!

Les også: Claus Sellevoll vil ha Alver som kommunenamn

Les også: Informasjonssida for den nye kommunen om namnevedtaket