Klokka 22.18 tysdag kveld melde politiet at ein bil har kollidert i autovernet på Flatøy.

Ulukka skjedde ved busstoppet ved Frank Mohn.

– Heile fronten på bilen er knust. Politiet er på staden og avhøyrer folk, rapporterte Strilen sin utsende.

Det var fire personar i bilen. Dei blei frakta til legevakt for sjekk, sjølv om det er lite som tydar på at nokon av dei var skadde.

– Dei har førebels ikkje komme med noko forklaring på korleis dei hamna i autovernet. Me opprettar sak, og vil avhøyra dei meir seinare, seier Arvid Samsonsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.