Det frekke tjuveriet gjekk føre seg i Hillands-feltet i Alversund tidleg tysdag ettermiddag.

– Sonen vår skulle berre inn ein liten tur. Difor lét han nøklane liggje i midtkonsellen i bilen, fortel mora til den uheldige bileigaren.

Medan han var inne i huset, ringte dei plutseleg frå bensinstasjonen Gabben, like ved.

– Då var det nokon som hadde fylt bensin og stukke av. Betjeninga på bensinstasjonen såg registreringsnummeret på overvakingskameraet, og ringte sonen min ettersom bilen står registrert på han, fortel mora.

Bilen som er stolen er ein mørk blå/grå Golf stasjonvogn med registeringsnummer ST98995.

– På overvakingskameraet såg dei at personen som fylte bensinhadde på seg kvit hettegensar. Me håpar nokon ser bilen, og ringjer politiet og melder frå, seier mora.

Lensmann Kjell-Idar Vangberg seier til Strilen at dei no vil senda folk til Gabben for å sikra seg bilde av biltjuven.