Politiet i Masfjorden og Gulen ønskjer hjelp frå publikum etter to tjuveri natt til søndag. I tillegg oppmodar dei folk om å ta ekstra godt vare på utomhus verdiar ettersom det har vore fleire tjuveri siste tida - då spesielt i området rundt Rekneset i Masfjorden..

– I helga var tjuvar på ferde i nærleiken av Fivelsdal i Gulen, og på Mjømna, får Strilen opplyst frå lensmannskontoret.

Frå Fivelsdal blei det stole ein tilhengar som stod parkert langs vegen. I Napsundet på Mjømna forsynte nokon seg med to kajakkar: Ein raud Skin Braveheart og ein gul Valley Avoset. Desse stod på ein bil som var parkert langs vegen.

– Me kan jo ikkje vera sikre på at det er dei same folka som står bak begge tjuveria, men det er naturleg å etterforska sakene i samanheng, opplyser lensmannskontoret.

No ber dei folk ta kontakt dersom dei har sett noko i nærleiken av dei to stadane natt til søndag.

– Folk kan ringja oss på telefon 57 78 13 00.