Strilen / Nyheter / Ikkje berre fordelar
Brukernavn 
Passord 
 
Ikkje berre fordelar

Det er her ein skal bera bh-en, ikkje på skuldrane.

Ikkje berre fordelar

Del | |

For frodige former er ein god trenings-bh alfa omega i skadeførebygging når ein skal vera i høg aktivitet.

Publisert 27.01.11 15:54
Endret 28.01.11 11:17

Mange kvinner med store bryst kvir seg for å jogga eller å gjera andre sprettande aktivitetar. Det har dei god grunn til, viser forsking frå Universitetet i Portsmouth.
 
Åttetalsmønster
Utan god støtte kan bysta bevega seg opptil 21 cm i alle retningar.
Kjem brysta i sving, kan dei bevega seg i store åttetalsmønster. Dette kan vera direkte helseskadeleg fordi muskelfibrane vert strekt, brysta sig, og kan føra til vond rygg og stiv nakke.
Spesielt kvinner med tunge bryst, bør sikra barmen frå gravitasjonskreftane.
Bryst vert ikkje haldne oppe av musklar og kan dermed ikkje trenast på plass.
Ein sports-bh, eller fleire, må til om ein vil behalda formen på bysta.
Ubehaget ved å ikkje ha god nok støtte, gjer at mange føler dei ikkje kan trena. Men, det finst hjelp der ute om ein berre tør å be om det.
 
Unngå vond rygg
Lena Garstad, gründer av byrået Secret Size Models, trener myke sjølv og veit kor viktig det er å føla seg vel når ein skal trena.
– Dette er så viktig! Mykje sjukefråvær skuldast vonde musklar i rygg og nakke. Mange kan sleppa å skada seg om dei trenar med rett bh og jobbar for å få god haldning. Då er sports bh’en heilt naudsynt utstyr – og han skal vera trong!
Lena brenn for frodige kvinner.
Saman tek me turen til Intersport på Frekhaug der me finn kvinneleg kompetanse og gode sports bh-råd hjå Oda Berge.
 
Godkjent, ikkje godkjent
– Denne godkjenner eg ikkje, seier Oda.
Lena hopper og avslører at den rosa Nike bh’en ikkje hindrar brysta i å spretta.
– Nei, jenter med stor byste treng meir støtte, seier Oda og finn fram eit større utval frå Röhnisch og Casall.
Eit svart bh i lite nummer, med breie skulderstroppar, vert godkjent, under tvil, for Lena si fagre barm.
– Desse sports bh’ane i storleikar frå small til ekstra large fungerer flott for dei med mindre byste, men er bysta tung, så må det helst meir støtte til, konkluderer Oda.
 
Finn din cup
Me vil vita meir og reiser til bydn.
Størst utval i sports-bh-storleikar finn me hjå Netty. Dei kan hjelpa byster frå storleik 65 til 105 i omkrets, og frå A til H i cup.
– Har du stor byste bør du bruka sports-bh der du kan velja riktig storleik på koppen, og ikkje storleikar som small, medium og large, seier butikkleiar Sharon Michelsen.
Marianne Krabbedal er modell hjå Lena, og låner ut bysta si til Strilen.
– Om det kan hjelpa kvinner til å begynna å trena, seier Mariann.
 
Tungt og vondt
– Eg har sjølv slutta å springa. Eg var aldri nøgd med sports bh‘ane eg fann. Eg går fort på tredemølle, og sjølv då er det tungt og det gjer vondt, seier ho.
Ein prima kandidat, med andre ord.
Sharon måler Marianne til ein 80H. Likevel må ho prøva fleire bh‘ar og storleikar før han sitt som han skal.
 
Prøv, prøv og prøv
– Bh‘ane er ulike i storleiken frå merke til merke så ein må alltid prøva dei på, seier Sharon.
– Det skader jo ikkje å finna rett bh til elles i kvardagen, heller, skyt Lena inn.
– Mange får ei kjempestor aha-oppleving når dei kjem inn her og endeleg finn rett storleik, og ein bh som sit som han skal. Ein kjole kan gå frå den reine tragedien til ein fantastisk suksess, berre ved å ha rett støtte under, seier ho.
 
Skal sitja rundt ryggen
– Sjå her, no har du god støtte rundt ryggen. Det er her du skal bera bh‘en. Skulderstroppane skal berre støtta, ikkje bera, seier Sharon.
Stoffet i bh‘en må vera fast for å gi nok støtte.
– Det er ikkje så lenge ein har han på seg, så støtta er viktigare enn å ha elastisk og pustande stoff, når ein har stor byste, forklarer ho vidare.
 
Avgjerande test
Me har lært mykje. Men ei siste øving gjenstår. Vil bh’en takla trening? Det er Lena som må til pers igjen. Ein times intensiv bodypump og så får me sjå korleis bh’en sit. Lena tar tak i vektstanga på eit treningssenter i Knarvik og løftar. Bysta sit trygt i bh‘en, med god hjelp frå ein tettsitjande topp.
– Ein trong treningstopp har me ikkje på oss for å vera sexy, men me har han fordi han gir støtte, seier Lena.

---------------------------------------------------
 
TIPS: Slik vel du rett sports bh
* Har du store bryst, er det lurt med ein bh med to koppar, slik at kvart bryst har individuell støtte.
* Bh‘en skal sitja godt kring ryggen. Det er her du skal bera vekta av bysta.
* Breide skulderstroppar forankrar bh’en utan at ein får gnagsår på skuldrane. (Ein skal ikkje bera vekta av bysta på skuldrane).
* Få hjelp til å finne storeiken din. Ein bh skal vera litt stram i omkretsen, då må ein ofte opp i storleik på cup’en. Hugs at storleiken endrar seg med vekta, graviditet og amming.
* Du skal kunna hoppa opp og ned utan at brysta rører seg for mykje.
* Har ein store bryst er det lov å ha på seg fleire bh‘ar om det er dette som fungerer for deg. Det viktigaste er at det kjennest bra og at ein har god støtte.
Kjelde: Idrettsprofessor Jorunn Sundgot-Borgen ved Norges Idrettshøgskole.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler