Strilen / Nyheter / Inspeksjon i Sløvåg torsdag
Brukernavn 
Passord 
 
Inspeksjon i  Sløvåg torsdag

Inspeksjon i Sløvåg torsdag

GULEN: Folk frå KLIF var på inspeksjon hos Wergeland-Halsvik i Sløvåg torsdag.

Publisert 06.03.10 12:14
Endret 06.03.10 12:11

Etter alt medie-oppstyret rundt brenning av avfall hos Wergeland-Halsvik i januar, var folk frå KLIF (Klima og forurensingsdirektoratet) på inspeksjon i Sløvåg torsdag.

– Ut frå det som har kome fram i rapportane frå Wergeland-Halsvik og Alexela Sløvåg, ser det ikkje ut som det har skjedd noko ulovleg i samband med brenninga, men me ønskte ein inspeksjon for å fastslå dette, sa seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i KLIF til Strilen torsdag. I går var han ikkje tilgjengeleg for kommentar.

Burde varsla
Men sjølv om det så langt ikkje ser ut til at det er gjort noko ulovleg, meiner Bjørn-stad at KLIF burde vore varsla om brenninga før ho vart sett i verk.

– Ut frå kor betent denne saka har vore og alt medieoppstyret som har vore rundt desse verksemdene, hadde det vore klokast å varsla oss først, seier Bjørnstad.

Vil ha retting
Som me skreiv torsdag, har Alexela Sløvåg gjennom sin advokat forlanga at NRK skal gå ut og retta opplysingar dei har gått ut med dei siste dagane. Dei hadde forlanga svar innan onsdag.

– NRK har svara at dei ikkje har noko å retta opp, men me slår oss ikkje til ro med det. Me har sendt eit nytt brev, der me har utdjupa kva me vil ha korrigert, seier advokat Erik Myhr Nilsen til Strilen.

Myhr Nilsen trekkjer fram tre tilhøve som dei vil ha retta opp. Det eine er at brenninga var ulovleg. Det andre er at Alexela Sløvåg var pålagt å senda alt avfallet ut av landet, og det tredje er at det var eksplosjonsavfall etter Vest Tank-brannen som vart brent i Sløvåg.

– Det vart sendt ut av landet i 2008, seier Myhr Nilsen.

UKLOKT: Seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i KLIF meiner det var uklokt av Alexela Sløvåg og Wergeland-Halsvik å ikkje varsla dei om avfallsbrenninga. (Arkivfoto) UKLOKT: Seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i KLIF meiner det var uklokt av Alexela Sløvåg og Wergeland-Halsvik å ikkje varsla dei om avfallsbrenninga. (Arkivfoto)

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler