Knarvik-resultat langt over snittet
Elevane ved Knarvik vidaregåande skule kan ha grunn til å vera nøgde med seg sjølve. Eksamenskarakterane i år ligg godt over landsgjennomsnittet
Endret 09.07.10 17:37
– Me har flinke elevar og eit sterkt og blomstrande læringsmiljø, seier rektor Inge Alver som forklaring på at elevane på Knarvik vidaregåande har gjort det så godt i år.
Alver er intervjua i fylkeskommunen si internavis.
Og Alver sine påstandar vert underbygd av statistikk. Gjennomsnittskarakteren for dei som kom opp til eksamen i vår, er 3,66 ved Knarvik vidaregåande. Tilsvarande tal for heile landet er 3,14. Det er ein svært markant forskjell.
Gode i norsk
Rektor var på ferie då Strilen tok kontakt med skulen, men også assisterande rektor Svein Ellingsen stadfestar at dei har grunn til å vera nøgde med resultatet.
– I rettslære hadde me snitt på 4,2, medan gjennomsnittet er 3,3, fortel han.
Både i norsk hovudmål og sidemål ligg resultatet ved Knarvik vidaregåande 0,4 over landsgjennomsnittet. Når det gjeld standpunktkarakterane, viser dei eit snitt på 4,08 på skulen i Knarvik. Det er også svært bra. Det plasserer skulen på ti på topp-lista i fylket, seier Svein Kirkevik ved Opplæringsavdelinga i fylket.
Av linjer som kan visa til spesielt gode resultat i år, viser Alver til studiespesialisering, elektro, design og TIP.
Ikkje reine seksarar
– Ja, me har mange gode enkeltresultat, sjølv om me ikkje har nokon med så mange seksarar at dei vil hamna på framsida i avisene, stadfestar Ellingsen.
Det har ikkje lukkast Strilen å få resultata frå Austrheim vidaregåande skule.
Dei endelege resultata frå kvar enkelt skule vert først offentleggjorde i august.
Hordaland på snitt
Førebelse tal frå Utdanningsdirektoratet viser at eksamensresultata i Hordaland ligg om lag på landsgjennomsnittet, medan elevane i Sogn og Fjordane ligg litt over. Ifølgje Aftenposten var det på landsbasis mest stryk ved eksamen i spansk og matematikk, heile 17 prosent. Også tysk, engelsk for yrkesfag, fysikk og kjemi hadde strykprosent på over ti prosent.
Lågast strykprosent av det i historie og filosofi med 4,8 prosent og i faget medie- og informasjonskunnskap med 4,2 prosent.
BLID: Rektor Inge Alver ved Knarvik vidaregåande skule har grunn til å gleda seg over eksamensresultatet i år.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






